Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.5.1892 vedtek Odelstinget med 64 mot 21 røyster i lov om landsfolkeskulen at ”Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket av disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal. Inden Skolestyret fatter sin Beslutning, skal Overtilsynets og derefter Kredsens Erklæring være indhentet. Er denne sidste afgivet med to Trediedele af de mødende Stemmer, skal den af Skolestyret tages tilfølge.” Lova blir sanksjonert 6.7. Med dette er folkerøysting om skulemål innført som regel (sjå 17.10.1890).

All verdas språk

27. mai 1531 er ei ny kyrkjeordning for Lübeck rettskraftig. Den er skriven av kyrkjereformatoren Johannes Bugenhagen. Han gjer også svært mykje i det arbeidet Martin Luther leier med omsetjing av Bibelen til høgtysk, og har jamvel ei sentral rolle i sluttføringa av omsetjinga til lågtysk. Denne såkalla Lübecker Bibel er ferdig trykt 1. april 1534, eit halvt år før heile Luther-bibelen ligg føre.

Lågtysk byggjer på talemålet i Lübeck og er i hansaperioden eit lingua franca i heile Austersjø-området. Etter Köln er Lübeck med sine om lag 25 000 innbyggjarar den nest største byen i det tyske riket. I Lübeck, grunnlagd i 1143, utviklar dei mange tilflyttarane eit språk bygt på dei mange talemåla i området, mellom anna sorbisk. Det økonomiske maktsenteret Lübeck og hansaforbundet utvikla eit hansaspråk som var i bruk berre skriftleg, og bruken av ulike dialektar ser ikkje ut til å ha skapt vanskar.

I norsk kan minst 30 prosent av orda reknast som lågtyske. På 1500-talet er den typiske kjøpmannen i Bergen truleg trespråkleg: Han bruker lågtysk i handel, forstår høgtysk godt og er van med å lese latin.

Det som no er Tyskland, var på Martin Luters tid om lag 350 småstatar og fyrstedøme med noko slikt som 15 millionar innbyggjarar. Dialektane skil seg ganske mykje frå kvarandre, og Luther veks opp og arbeider i grenseområdet mellom låg- og høgtyske dialektar. No blir eit felles tysk skriftspråk forma lenge før den store tyske staten er skipa i 1871, og trass i at skilnadene mellom språka i området er store. Den språklege løysinga står Martin Luther for ved å byggje på sin eigen saksiske dialekt, som er langt frå det tyskarar flest talar i dag, då han mellom 1521 og 1534 leier arbeidet med omsetjing av Bibelen

Utbreiinga av Den heilage skrifta på høgtysk svekkjer bruken av lågtysk kraftig i Nord-Tyskland. Den siste utgåva av Bibelen på lågtysk blir prenta i 1621, og dei neste hundreåra er skriftfestinga av lågtysk svak. I eit år som 1991 er likevel meir enn 1700 boktitlar på lågtysk i sal, og om lag 700 prestar preikar på lågtyske dialektar.

Ved inngangen til 2000-talet blir Moin – Hallo – eit populært signalord i det lågtyske området.

Sist oppdatert: 07.05.2019