Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.5.1846 blir skuledirektør Matias Olsen Skard fødd i Øyer.

28.5.1944 blir tidlegare fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Svein Lundevall, fødd.

28.5.1898 blir litteraturforskaren Johs. A. Dale fødd i Meland.

28.5.1874 blir språkbruksstatistikaren Peder Elenus (Sivertsen) Hovdan fødd i Hemne.

28.5.1853 blir skipsreiar Ferdinand August Sigfrid Melsom fødd i Tønsberg.

28.5.1848 blir forfattaren og ein av grunnleggjarane av Vestmannalaget, Edvard Germanus Johannessen, fødd i Bergen.

28.5.2018 offentleggjer leiinga i Aftenposten nye språkreglar som mellom anna inneber at tilsette kan skrive nynorsk i redaksjonelt stoff. Sjefredaktør Espen Egil Hansen seier at dei nye retningslinjene skriftfestar ein praksis som avisa har vore styrt etter i fleire år. Dei kjem som ein konsekvens av samarbeid med Bergens Tidende, ein ny generasjon journalistar og ein meir mangfaldig mediekvardag. I retningslinjene heiter det at «Aftenpostens hovedspråk er moderat bokmål (Norsk ordbok, Kunnskapsforlaget). Det skal som hovedregel brukes av alle avisens medarbeidere». Vidare heiter det at «nynorsk kan brukes av Aftenpostens medarbeidere i enkeltstående kommentarer, reportasjer og intervjuer. Denne bruken skal avklares med linjeredaktør» og at «innkjøpte nynorsktekster og saker som våre samarbeidsaviser har skrevet på nynorsk, skal som hovedregel ikke oversettes til bokmål. Tekstene bør justeres i tråd med normen i Nynorskordboka.» Som før skal «innsendte debattinnlegg og kronikker publiseres i den målform innsenderen selv har valgt. Det samme gjelder bidrag fra anmeldere og kommentatorer som ikke er ansatt i Aftenposten.»

28.5.2018 gir Det Norske Samlaget ut Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø. 

All verdas språk

28. mai 1926 fører eit statskupp i Portugal til at militære styrkar tek over makta i landet. Etter nokre veker med finurleg maktkamp blir general Gomes da Costa president i den diktatoriske republikken. Diktaturet fører vidare ein hard kolonipolitikk som gir ny utbreiing for det portugisiske språket både i Afrika og i Asia.

Det portugiske flagget. Foto: Fredrik Rubensson, CC BY 2.0

Det portugiske flagget. Foto: Fredrik Rubensson, CC BY 2.0 

I 1970-åra raknar grunnlaget for diktaturet. Den 25. april 1974 kl. 00.15 spelar Rádio Renascença i Lisboa ”Grândola, Vila Morena”, framført av José Afonso, ein radikal tradisjonssongar som portugisisk radio då ikkje har lov til å spele plater av. Songen er eit hemmeleg klarsignal. I morgontimane og utover dagen tek opprørsstyrkar over dei strategiske maktpunkta i landet. Folkemengda møter væpna soldatar og stikk nellikar i geværpipene. Denne såkalla nellikrevolusjonen endrar styreforma i Portugal og løyser opp det portugisiske koloniveldet.

Portugisisk blir likevel verande det dominerande språket i mange av desse koloniane, særleg Angola og Mosambik. Endringar kjem også der. Den 19. september 2000 vedtek bystyret i hovudstaden Maputo i Mosambik at det mykje brukte språket ronga skal kunne brukast i bystyret og i kontakt med innbyggjarane i byen. Før har berre portugisisk vore lovleg.


Sist oppdatert: 18.02.2019