Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


29.5.1875 kjem tredje utgåva av Symra av Ivar Aasen, med notetillegg av J.N. Kobberstad og eiga utgåve for blandakor av Chr. Haslerud.
 
29.5.1917 melder Den 17de Mai at vitnemål for mellomskuleeksamen no ligg føre også på landsmål.
 
29.5.2007 går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, SV, Sp og KrF) i Innst. S. nr. 218 (2006–2007) inn for at Riksrevisjonen bør medverke til auka reell, språkleg jamstelling ved at språkbruk og faktisk fordeling mellom nynorsk og bokmål i skriftleg tilfang blir omtalt i framtidige utgåver av Riksrevisjonens melding om verksemda.
 
29.5.2007 går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, SV, Sp og KrF) i Innst. S. nr. 219 (2006–2007) inn for at Statens utval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS)-utvalet) ”også bør medverke til auka reell, språkleg jamstelling” ved at utvalet over tid vekslar mellom nynorsk og bokmål i meldingane sine til Stortinget.
 
29.5.2007 går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, SV, Sp og KrF) i Innst. S. nr. 221 (2006–2007) inn for at ”Sivilombudsmannen bør medverke til auka reell, språkleg jamstelling” ved at Sivilombodsmannen over tid i større grad vekslar mellom nynorsk og bokmål i meldingar til Stortinget.
 

All verdas språk

 29. mai 1964 vedtek Odelstinget i revidert lov om realskule og gymnas at «etter avgjerd frå departementet kan enten bokmål eller nynorsk bytast ut med skriftlig og muntlig opplæring i samisk». Med det set norske styresmakter formelt punktum for ein hundreårlang og hardhendt fornorskingspolitikk overfor samar og kvener.
Samisk festdrakt. Foto: Samisk nettverk. CC BY 2.0
Samisk festdrakt. Foto: samisknettverk, Flickr.com CC BY-SA 2.0. 

Frå 1851 til 1921 har norske styresmakter gjennom Finnefondet løyvt midlar til opplæring i norsk for desse språkgruppene. Den 12. oktober 1880 fastset styresmaktene i ein instruks at «det lappiske eller kvænske Sprog bruges kun som Hjælpemiddel til at forklare, hvad der er uforstaaeligt for Børnene». Instruksen blir i 1898 innskjerpa til at samisk og kvensk ikkje skal brukast meir «end Forholdene gjøre uomgjængeligt fornødent». Dette blir i 1902 følgt opp med eit forbod mot å utmåle statleg grunn i Finnmark til samisk- eller kvensktalande.

Forordninga frå 1898 er blitt oppheva med skulelova av 10. april 1959. Der heiter det at «samisk kan nyttes som opplæringsmål i skolen etter avgjørelse av departementet». I 1967 tek Kautokeino og Karasjok som dei første kommunane til å gi ei første skrive- og leseopplæring på samisk til ein del av elevane. Den einaste læreboka i begynnaropplæringa er då ABC for samebarn av Margarethe Wig med tekstar på nordsamisk og bokmål.
Sist oppdatert: 29.05.2017