Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.5.1900 blir Prestemaallaget skipa med Bernt Støylen som første formannen. Om lag 50 prestar og teologar blir med.

3.5.1923 blir Kaare Fostervoll med 205 mot 195 røyster vald til formann for det første og hittil einaste nynorskstyret i Det norske Studentersamfund i Oslo, i eit samarbeid mellom Studentmållaget og Mot Dag.

3.5.2012 legg kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget fram Innst. 276 S (2011–2012). Der går fleirtalet – regjeringspartia Ap, Sp og SV – inn for at Grunnlova skal liggje føre på både bokmål og nynorsk til jubileet i 2014.

3.5.2017 lanserer Skald forlag ein bokklubb for nynorske verdsklassikarar. Frå 2016 har forlaget utvikla ein serie med klassikarar omsette til nynorsk. Bokklubben blir lansert då forlaget presenterer den tredje boka i serien, Dei døde av James Joyce.

All verdas språk

3. mai 1967 ligg grunnlova for Belgia føre også på flamsk. Fransk og flamsk har vore jamstilte språk i landet sidan 1898. Ei grunnlov på begge språka symboliserer ei jamstilling det har teke lang tid å etablere.

Etter ein revolusjon i 1830 lausreiv Belgia seg i 1831 frå Nederland og blei sjølvstendig. Flamsk er svært likt nederlandsk og blir verande det mest brukte språket i Belgia. I den første grunnlova av 1831 heiter det at alle innbyggjarar snakkar det språket dei vil, og at dette berre skal lovregulerast for offentleg forvaltning og rettsvesen.

Som ein av dei første statane tek Belgia alt i 1846 til å registrere språk i folketeljingane. Folketeljinga i 1947 er siste gongen slike spørsmål om språk blir stilte.

Mot slutten av 1800-talet vedtek Belgia heile fem språklover. Den første lova av 17. august 1873 slår fast at flamsk skal kunne brukast i rettssaker i dei flamske provinsane. Ei lov av 22. mai 1878 fastset at flamsk kan brukast i kontakt mellom forvaltning og innbyggjarar i Flandern, og ei tredje lov av 15. juni 1883 fastset at flamsk kan brukast i skulen i dei flamske provinsane. Frå 1886 blir det også lov å bruke flamsk i det belgiske parlamentet.

Den femte lova kjem 18. april 1898 og erstattar dei tidlegare vedtaka. No blir flamsk og fransk fullt ut jamstilte ved at alle lover skal liggje føre på begge språka, men fransk blir verande språket for sentralstyresmakta.

Sist oppdatert: 16.07.2018