Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


30.5.1870 blir Jakob Vilhelm Naadland fødd i Hetland. Han var styrar ved Telemark folkehøgskule 1902–40.
 
30.5.1887 blir journalist Amanda Cicilia Olsen fødd i Bergen.
 
30.5.1947 blir journalist Bjørn Bø fødd i Vinje.
 

All verdas språk

 

30. mai 1876 signerer tsar Aleksander 2. i den tyske badebyen Bad Ems det hemmelege dekretet Ems Ukaz. Dette gjer det forbode å publisere skrifter på ukrainsk, å importere skrifter på ukrainsk og å bruke språket i offentleg tale eller på teaterscener.
Dette er ei vidareføring av ein antiukrainsk politikk i det russiske imperiet på heile 1800-talet, med forbod mot ukrainsk i skulen i 1804, mot publisering av så godt som alle bøker på ukrainsk frå 1863 og forbod mot bruk av ukrainsk som scenespråk.
Polen blei delt tre gonger på 1700-talet, og ved den siste av desse delingane blir den austre, ukrainsktalande delen ein del av det russiske imperiet.
Etter den russiske revolusjonen i 1905 lettar styresmaktene på språkreglane fram til 1910, men først etter den andre russiske revolusjonen i 1917 kan ukrainsk fritt brukast i den ukrainske republikken.
Sist oppdatert: 04.02.2014