Hopp til innhold
Ottar Grepstad
31.5.1920 vedtek årsmøtet i Indre Nordhordlands Eimbaatlag med 60 mot 19 røyster at landsmål skal bli brukt mest mogleg som administrasjonsmål i selskapet. 
 
31.5.1929 vedtek Odelstinget med 57 mot 54 røyster at Trondhjem skal heite Nidaros. Namnedebatten har vart i fleire år, og ved ei folkerøysting i byen har 17 163 røysta for Trondhjem, medan 1508 har røysta for Nidaros (sjå 1.1.1930). 
 
31.5.1929 vedtek årsmøtet i Hardanger-Sunnhordlandske Dampskibselskap med 239 mot 230 røyster at nynorsk skal vere administrasjonsmålet i selskapet frå 1.1.1930.
 
31.5.1957 fastset regjeringa Gerhardsen nye føresegner om skrivemåten av stadnamn i kronprinsregentens resolusjon (sjå 8.2.1929, 22.2.1990, 17.12.2004).
 

All verdas språk

Sist oppdatert: 04.02.2014