Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

4.5.1964 blir musikaren Terje Isungset fødd på Geilo.
 
4.5.2012 lanserer Allkunne ein av dei første nynorske mobilapplikasjonane på marknaden. Applikasjonen er tilgjengeleg for iPhone og Android og er utvikla av Avento AS.
 
 

All verdas språk

 

4. mai 1493 gir pave Alexander VI gjennom erklæringa Inter Caetera Spania rett til å kolonisere alt land vest for ei linje utanfor Kapp Verde-øyane, medan Portugal får retten til alt land austanfor.
Avgjerda blir justert gjennom Tratado de Tordesillas 7. juni året etter. No deler Spania og Portugal verda mellom seg, og dette opnar for at Portugal kan ta det området som seinare blir Brasil. Ei demarkasjonslinje blir trekt om lag midt mellom Cape Verde, som alt er portugisisk, og Cuba og andre øyar som Christopher Columbus kom til frå 1492. Land vest for denne linja blir portugisisk territorium, land austanfor blir spansk.
Frå 1520 bryt det ut konflikt mellom dei to statane om den asiatiske øygruppa Molukkane, gjerne kalla opphavet til alt krydder. Konflikten blir løyst ved ei tilsvarande deling i Tratado de Zaragoza, signert 22. april 1529.
Den 13. januar 1750 fastset Spania og Portugal i den såkalla Madrid-avtalen på ny grensene seg imellom i Sør-Amerika. Denne avtalen erstattar dei tidlegare avtalane.
Med dei spanske og portugisiske ekspedisjonane kjem mange nye sjukdomar til Amerika. Dei reduserer talet på urfolk drastisk og har mykje å seie for at spansk og portugisisk vinn så sterkt fram på kontinentet.
Sist oppdatert: 25.08.2014