Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.5.1902 vedtek Det Norske Samlaget å dele verksemda si i eit bymålslag og eit landsmålslag.

5.5.1908 vedtek regjeringa at studentane kan velje mellom riksmål og landsmål i oppgåvesvara sine ved universitetseksamen. Med dette er landsmål innført i heile skuleverket.

5.5.1927 held psykologen og ordbokforfattaren Ola Raknes eit foredrag på årsmøtet i Det Norske Samlaget der han teke til orde for ”ei heilsleg norsk idiom- og synonym-ordbok”. Årsmøtet vedtek å søkje staten om eit første tilskot på 75 000 kr til arbeidet med ei slik norsk-norsk ordbok. Kyrkjedepartementet løyver dei første midlane våren 1930 til det som blir Norsk Ordbok (sjå 17.11.1950).

5.5.1976 går Strandbuen på Jørpeland formelt over til å bli redigert på nynorsk etter ein del bruk av nynorsk frå og med skipinga i 1964. Frå 1984 er avisa redigert tospråkleg.

5.5.2015 signerer Dagbladet, Helge Torvund og Nynorsk kultursentrum ein intensonsavtale om at Nynorsk kultursentrum tek over den digitale tenesta Diktkammeret.no med driftsansvar lagt til Olav H. Hauge-senteret. Frå og med 2001 har det vore publisert over ein million innlegg og dikt, og truleg er om lag 250 000 dikt publiserte på nettstaden.

All verdas språk

5. mai 2005 blir for første gong Dia da Língua Portuguesa e da Cultura (Dagen for portugisisk språk og kultur) feira. Initiativet kjem frå Comunidade dos Países de Língua Portuguesa (Samveldet av portugisiskspråklege land, CPLP), som blei skipa i 1996. Det franskspråklege området har sidan 1998 feira ein tilsvarande Journée internationale de la francophonie 20. mars kvart år.

I Romarriket blei dagens Portugal kalla Lusitania. På same måten som frankofoni er ei nemning for franskspråklege område, er lusofoni same nemninga for det portugisiske. Frå 7. til 15. oktober 2006 blei Jogos da Lusofonia (Dei lusofoniske leikane) arrangerte for første gong. 733 idrettsutøvarar frå 11 land møttest til kappestrid i Macao. Leikane blei arrangerte på ny i Lisboa i 2009 og blir arrangerte i den indiske provinsen Goa i 2013.

Tilsvarande leikar arrangerer dei britiske samveldestatane i Commonwealth Games frå 1930, og dei frankofone statane frå 1989.

Sist oppdatert: 23.01.2017