Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


6.5.1917 skriv Bernt Støylen bryllaupssalmen ”Allmakts Gud og kjærleiks Fader”.
 
6.5.1985 opnar kong Olav 5 nybygget til Det Norske Teatret. Nybygget har kosta 482 mill 1981-kroner. Det har gått 72 år sidan teatret først reiste byggjesaka (sjå desember 1913).
 
6.5.2009 blir Sivert Aarflot-jubileet offisielt opna i Ørsta. Det er 250 år sidan Aarflot blei fødd.
 
6.5.2014 kl. 14.04 vedtek Stortinget Grunnlova på nynorsk med 168 røyster mot ei røyst. Den eine som røystar mot, er Sverre Myrli (Ap). Ni minutt tidlegare har Stortinget med 165 røyster mot fire røyster vedteke Grunnlova på lett modernisert bokmål. Dei fire som røystar mot, er Trine Skei Grande (V), Guri Melby (V), Sverre Myrli (Ap) og Abid Raja (V) (sjå 2012).
 
 

All verdas språk

 

6. mai 1951 avsluttar ein kongress i Mexico der utsendingar frå spanske språkakademi i mange land har vedteke å skipe Asociación de Academías de la Lengua Española (Forbundet av spanske språkakademi). Initiativet kjem frå president Miguel Alemán Valdés i Mexico.
Real Academía Española kjem først med i 1956, og organisasjonen har 22 medlemer. Akademia har særleg samarbeidd om felles ordbøker og rettskrivingsreglar for spansk, med utgåver som Diccionario de la Real Academia Española (22. utgåva 2001), Ortografía (1999) og Diccionario panhispánico de dudas (2005).
Frå og med 1976 har organisasjonen kvart år delt ut Cervantes-prisen for livsverket til ein framståande spansk forfattar. Dette er blitt den viktigaste prisen for spanskspråkleg litteratur, og prissummen er på 125 000 euro. Prisen blir delt ut 23. april, dagen då Cervantes døydde.
Hovudverket av Cervantes er den første moderne romanen: Don Quijote de la Mancha kom ut i 1605. Cervantes-prisen kan jamførast med Man Booker Prize for engelskspråkleg litteratur (frå 1968) og Prémio Camões (frå 1980) for forfattarar som skriv på portugisisk
Sist oppdatert: 08.01.2015