Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


7.5.1887 blir Olav Oksvik fødd på Stranda. Han er stortingsrepresentant (Ap) 1928–53.

7.5.2009 melder avisa Grannar at leiar Anne Margrethe Eidhammer i Vindafjord Mållag har sett i gang ein aksjon for å få nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege (sjå 3.11.2009).

7.5.2013 vedtek LO-kongressen samrøystes å arbeide for språkleg jamstilling mellom nynorsk og bokmål: «LO vil arbeide for gode vilkår for samisk kunst og kultur, og for at Norge framstår som en flerkulturell nasjon med et mangfold av kulturelle uttrykk. LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette innebærer at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir gitt god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis.»

All verdas språk

7. mai 1953 blir Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur stifta hos Arnulf Øverland i Grotten i Oslo, statens æresbustad for kunstnarar. Akademiet presenterer seg offentleg med eit arrangement i Universitetsaulaen i Oslo eit drygt år seinare, 9. oktober 1954.

I statuttane heiter det i § 1 at «skriftsproget er den egentlige bærer av vår kulturtradisjon». Føremålet er «vern om det norske riksmål og dets litteratur», og den viktigaste oppgåva blir normering av riksmålet.

Organisasjonen Riksmålsvernet, som var blitt skipa i 1919, går i 1981 inn i akademiet, som dermed tek over ansvaret for Norsk Riksmålsordbok. På stiftingsmøtet var åtte personar til stades; i dag har akademiet 50 medlemer.

Med Norsk Riksmålsordbok i fire band 1930–1957 som grunnlag blir arbeidet med å lage Det Norske Akademis Store Ordbok sett i gang med statstilskot frå 2000 i tillegg til vesentlege private gåver. Den nye boka, no med namnet Det Norske Akademis ordbok, blir publisert digitalt 21. desember 2017 og offisielt lansert 24. januar 2018 med om lag 225 000 oppslagsord. Det redaksjonelle arbeidet er utført i regi av Kunnskapsforlaget under oppsyn av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

Frå og med 2014 får akademiet ei statsstøtte som første året er på 110 000 kroner. Staten løyver frå 2019 årlege tilskot til vedlikehald og oppdatering av ordboka. Summen i 2019 er to millionar.

Sist oppdatert: 07.05.2019