Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

8.5.1922 spør Nils Finne (V) etter lærebøker på landsmål til den militære opplæringa. Statsråden svarar at løyvingane er for små.

8.5.1927 blir Arbeidarlaget Dølen skipa i Larvik. Laget gir ut seks nummer av månadsbladet Dølen frå oktober 1927 med Ingjald Nordstad som redaktør.

8.5.1947 kjem første nummeret av Romsdalsbladet ut på Åndalsnes med Eirik Moen som redaktør. Siste nummeret kjem 17.9.1948.

8.5.2011 vedtek landsmøtet i Høgre med 164 mot 87 røyster å gå inn for valfri sidemålsundervisning i ungdomsskulen (sjå 5.4.1997, 26.8.1999, 6.8.2000, 13.8.2005 og 13.2.2008).

8.5.2015 ligg ei nynorsk omsetjing føre av den offisielle songen til 200-årsjubileet for Grunnlova. «Det går eit festtog gjennom landet!» er omsett av Gudrun Kløve Juuhl og Anne Steinsvik Nordal. Originalteksten er skriven av Grethe Myhre Skottene.

8.5.2017 får Dag og Tid Stiftinga Fritt Ords Pris 2017 «for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster». Med eit opplag på over 11 000 har vekeavisa om lag 40 000 lesarar. Prisen er på 400 000 kroner og Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas.

All verdas språk

8. mai 2002 blir ei endring i grunnlova i Algerie innført som inneber at berbarspråk blir anerkjent som nasjonalt språk, medan arabisk blir verande offisielt språk.

Berbarspråk er ei samlenemning for mange språk som liknar mykje på kvarandre. Mange berbarar kallar språket tamazight, og det blir særleg brukt i Marokko og Algerie. Berbarfolket er ein minoritet som i lengre tid har arbeidd for å få godkjent språket sitt.

Fransk har ingen offisiell status i Algerie, men etter den franske okkupasjonen 1830–1962 blir språket mykje brukt i skule og forvaltning. Ingen fransk koloni har vore prega av fransk lengre enn Algerie. Det tek tid før mange nok i land som Marokko og Tunisia ven seg til tanken om at arabisk faktisk kan brukast som offisielt språk i staden for fransk.

I Algerie gjer det franske kolonistyret mykje for å hindre bruken av arabisk og definerer i 1936 språket som «utanlandsk». Så seint som i 1961 blir fransk obligatorisk i écoles du rer degré, året før landet blir sjølvstendig. I 1968 bestemmer dei nye styresmaktene at alle algeriarar skal kunne arabisk, og 16. januar 1991 innfører regjeringa eit forbod mot bruk av fransk i offisielle samanhengar. Frå 5. juli 1998 er arabisk det einaste offisielle språket i Algerie.

For to folkegrupper i Algerie har mykje vore annleis. Den 24. oktober 1870 fastset den franske okupasjonsmakta gjennom Décret Crémieux at dei 30 000 jødane i den franske kolonien skal bli franske statsborgarar, medan muslimane ikkje skal få slik satus.

Jødane legg raskt den spanske tradisjonen sin til sides, distanserer seg frå det aabiske og berbersk, og blir nær sagt meir franske enn innbggjarane i Frankrike. Den 7. oktober 1940 tek gleda brått slutt. Då opphevar Vichy-regimet i Frankrike vedtaket. Jødane i Algerie blir nekta skulegang, og banda til det franske blir skorne over.

Ein av dei som får sitt eige språk forbode, er ti år gamle Jacques Derrida. Mange år seinare skriv difor filosofen i ein opningsdialog på første sida i Le monolonguisme de l´autre (1996): «Eg har berre eitt språk, dette språket er ikkje mitt.» («Je n'ai qu'une langue, ce n'est pas la mienne.»)

Den 19. august 2004 prentar Le Monde det siste intervjuet Derrida gir – han døyr to månader seinare. «Eg er eittspråkleg», seier Derrida. «Denne eittspråklegheita er eg, for meg.»

Sist oppdatert: 07.05.2019