Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


9.5.1735 rår biskop Jacob Kærup i Kristiansand til at Søren Schive får prestekallet i Bjelland, då han «med det gamle norske Tungemaals Tale-Maade» kan «tale og prædike for Field-Bønderne, hvilket en anden eij saa vel til Opbyggelse skulle kunde formaa».
 
9. mai 1975 vert journalist, redaktør og dagleg leiar i Allkunne,  Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fødd i Volda.

9.5.1985 tek presidentskapen i Stortinget imot utsendingar frå Noregs Mållag i høve hundreårsjubileet for jamstellingsvedtaket (sjå 12.5.1885). Noregs Mållag overrekkjer Stortinget Ole Nesviks målarstykke av Elias Blix. I talen ved mottakinga seier stortingspresident Per Hysing-Dahl (H) m.a. om målrørsla at ”den folkeopplysende innsats som her er ydet, har gjort livet rikere og åpnere for svært mange nordmenn”. Aftenposten reagerer skarpt på utsegnene.
 

All verdas språk

 
9. mai 1735 rår biskop Jacob Kærup i Kristiansand til at Søren Schive får prestekallet i Bjelland då han ”med det gamle norske Tungemaals Tale-Maade” kan ”tale og prædike for Field-Bønderne, hvilket en anden eij saa vel til Opbyggelse skulle kunde formaa”.
Truleg er latin lenger i bruk i liturgien enn det styresmaktene føresette. Utover på 1600-talet går likevel latin or bruk iallfall i vanlege gudstenester, og gudstenesta blir ei salmemesse boren oppe av preike og song. Samstundes gjer skrifter på dialekt seg varsamt meir gjeldande. Berre frå 1700-talet har språkforskaren Kjell Venås samla om lag 120 slike. I den samlinga er det særleg mange bryllaups- og friarviser.
Den første ordboka for ein dialekt publiserer sunnfjordingen Christen Jensøn i 1646. Grunnlaget er solid kjennskap til talemålet i heimbygda Askvoll. I fortalen uroar han seg over påverknaden frå framande språk «formedelst den ædle Søefart».  Med sine tusen oppslagsord er Jensøns Den norske Dictionarium eller Glosebog den første trykksaka på ein norsk dialekt.
I 1647 kjem det som i dag er den eldste trykte visa på dialekt, «Rabnabrydlaupe i Kraakelund». Visa om eit dyregjestebod er skriven på nordhordlandsdialekt, og ein av nedskrivarane er truleg sokneprest Anfinn Johannessøn Breder frå Sund på Sotra. Sjølv delar av den heilaga skrifta, Bibelen, blir omsett til dialekt.
Alt i 1698 omset presten Jacob Rasch delar av Romarbrevet til ei blanding av stavanger- og jærdialekt.
Sist oppdatert: 04.03.2014