Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie



1.3.1800 prentar Trondhiems Budstik dei ti bodorda omsette til namdalsdialekt av Hans Barlien.
 
1.3.2001 tek Erle Stokke til som dagleg leiar i Blåmann Barnebokklubb. Det Norske Samlaget eig klubben og har fått tilsegn om starttilskot i tre år frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
 

All verdas språk

1. mars 1524 får det franske skipet «La Dauphine» landkjenning ved Cape Fear i Nord-Carolina. Det er den italienske oppdagingsreisande Giovanni da Verrazzano som fører skipet på oppdrag frå franske styresmakter.
Ti år seinare blir kolonien La Nouvelle-France etablert, og med tida kjem fransk språk til å prege område som Quebec og New Orleans, grunnlagt av franskmenn 25. august 1718. Den viktigaste forklaringa på dette er at franske filles à marier blir sende over for å gifte seg med busetjarane, og med dei og deira mange born etablerer også det franske språket seg.
Ein representant for styresmaktene noterer dette frå Canada i 1698: «People speak here perfectly well without any bad accent. Although there is a mixture from almost all the provinces of France, none of their dialects can be distinguished in the Canadian provinces.” Det er standard fransk frå Paris som slår rot i La Nouvelle-France, der det bur om lag 55 000 menneske i 1755.

Det franske området blir utfordra gjennom fleire krigar, og med ein fredstraktat i Paris i 1763 er tida ute for det franske miniriket i Amerika, men språket blir verande. Den 30. november 1803 gir Spania området Louisiana til Frankrike, som 20 dagar seinare overfører området til USA.
Sist oppdatert: 27.01.2014