Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

10.3.1980 kjem første nummeret av Avis 1980 ut i Oslo med Tor Gabrielsen som redaktør. Målet er å nå 10 000 tingarar innan utgangen av året. Avisa går inn etter sju nummer same året.

10.3.1991 blir Ivar Aasen-selskapet skipa i Bergen av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset med det føremålet å gi ut etterlatne manuskript av Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans. Første boka kjem året etter.
 
10.3.1994 blir eit brev sendt til statsministeren med framlegg om ei hundreårsmarkering for Ivar Aasen i 1996. Brevet er signert av 36 personar, og det er Det Norske Samlaget som har teke initiativet (sjå 27.1.1995, 16.3.1995, 15.6.1995, 5.1.1996).
  
10.3.2008 legg styringsgruppa for Nasjonalt Garborg-senter på Bryne ned arbeidet sitt (sjå 12.10.2004, 6.11.2007, 10.3.2008, 1.4.2008, 16.4.2008, 13.5.2009, 10.12.2009, 11.12.2009, 16.6.2010).
 
 

All verdas språk

 

10. mars 1940 døyr den ukrainske forfattaren Mikhail Bulgakov i Moskva.
Han er fødd i Kiev, har studert medisin og har praktisert som lege eit par år før han satsar på teater og journalistikk frå 1919. Då han i 1920-åra tek til å skrive satiriske skrifter og skodespel, stemplar det sovjetrussiske regimet han som kontrarevolusjonær. Det gjer at han får gitt ut lite av det han skriv, og det han skriv, er på russisk.
Den 28. mars 1930 skriv han brev til Josef Stalin og bed om å få emigrere, all den tid Sovjetunionen ikkje har bruk for han som forfattar. Stalin svarar med å ringje Bulgakov, og forfattaren får lov til å arbeide som dramatikar att. Bulgakov er ein av fleire forfattarar i Sovjetunionen som kjem til orde for fullt då det er for seint.
Då Stalin døyr i 1953, mildnar det politiske og intellektuelle klimaet noko. Først vinteren 1966–67 gir tidsskriftet Moskva posthumt ut ein ufullstendig versjon av hovudverket til Bulgakov, Mesteren og Margarita, som han skreiv i 1930-åra. 
Sist oppdatert: 26.08.2014