Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
11.3.1910 blir Norsk Bokmannslag skipa med Idar Handagard som første formannen, og med 41 medlemer. Dette laget for nynorske forfattarar  innsovna mot slutten av 1970-åra.
 
11.3.1988 vedtok Odelstinget nokre mindre endringar i lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 28.2.1980).
 
11.3.1999 blir Stiftinga Garborg-året 2001 skipa i Oslo. Stiftinga skal arrangere eit nasjonalt jubileumsår i høve 150-årsjubileet for Arne Garborg og for Hulda Garborg. Dei tre hovudstiftarane er Time, Asker og Tynset kommune. 21 medstiftarar er også med. Dagleg leiar frå 1.8.1999 er Trond Lie. Stiftinga blir lagd ned 7.3.2002 (sjå 25.1.2001).
 
11.3.2001 blir oppropet frå Aksjon Nynorsk Data overlevert til næringsminister Grete Knudsen i Bergen (sjå 17.1.2000).
 
11.3.2003 lanserer CyberBook det Internett-baserte opplæringsprogrammet Nynorsk+ som er utvikla i samarbeid med Gloppen Opplæringssenter og med Bjørg Sandal som prosjektleiar. Dette er det første opplæringstilbodet for innvandrarar på nynorsk, og det blir utvikla versjonar på 28 språk.
 
11.3.2010 kunngjer lnk.no at Nasjonal IKT har sett i gang eit forprosjekt som skal vurdere om teknologien brukt til talegjenkjenning kan utvidast til å omfatte nynorsk. Legar bruker talegjenkjenning når dei dikterer journalar og brev, og denne teknologien har til no berre fungert på bokmål.
 

All verdas språk

11. mars 1906 blir Simplified Spelling Board etablert i New York, finansiert av Andrew Carnegie. Få veker seinare føreslår dette rådet å endre skrivemåte for om lag 300 ord i amerikansk engelsk.
I august same året fastset president Theodore Roosevelt ei forenkla rettskriving i alle dokument frå regjeringa, og det vil mellom anna seie at mixed no skal skrivast mixt. Kongressen stoppar reforma i desember, og dei gamle skrivemåtane blir innførte att. Nye framlegg kjem i 1920, men rådet blir oppløyst like etterpå.
Heller ikkje i britisk engelsk har det vore gjennomført noka offentleg rettskrivingsreform. I England blir Simplified Spelling Society skipa i 1908. Dette organet er framleis i funksjon, men arbeider mest med å drøfte dei vanskane rettskrivinga byd på.
I forordet til skodespelet Pygmalion om språk og språknormering skreiv den engelske forfattaren George Bernard Shaw i 1912: «The English have no respect for their language. … They cannot spell it because they have nothing to spell it with but an old foreign alphabet of which only the consonants – and not all of them – have any agreed speech value.» Stykket har premiere i Wien 16. oktober 1913.
Då Shaw døyr i 1950, har han testamentert ein stor sum til arbeidet for eit nytt engelsk skriftsystem.
Sist oppdatert: 28.01.2014