Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


12.3.1864 blir folkehøgskulestyrar Torgeir Berulvson fødd i Evje.
 
12.3.1908 blir rektor Alv Harald Halland ved Voss off. landsgymnas fødd i Hamre.
 
12.3.1948 blir stortingsrepresentant Rolf Reikvam (SV) fødd i Førde. Han var stortingsrepresentant 1997–2009.
 
12.3.1952 blir forfattaren Bente Bratlund (Mæland) fødd.
 
 

All verdas språk

 
12. mars 1455 skriv biskop Enea Silvio Piccolomini, som seinare blir pave Pius II, i eit brev til kardinal Juan Carvajal at han har møtt ein forunderleg mann i Frankfurt am Main som driv og lagar mange kopiar av Bibelen, og at han alt har ferdig mellom 158 og 180 eksemplar.
Mannen, som ikkje blir namngitt, er boktrykkjaren Johann von Gutenberg. Han har i åra 1452-1454 sett Bibelen med lause trebokstavar, forma av medarbeidaren Peter Schoffer, og med om lag 20 medarbeidarar har han prenta om lag 150 eksemplar på papir og 30 på pergament av den latinske omsetjinga Vulgata, som utgjer 1281 sider i to band. Både pergament og papir var av det ypparste som kunne skaffast. Brevet frå biskopen er ei av få sikre tidfestingar. I dag er 49 eksemplar kjende av Gutenberg-bibelen.
Gutenberg-bibelen utstilt i Lennox Library, Rare Books Division, New York, USA. Foto: NYc Wanderer, flickr.com CC BY 2.0
Gutenberg-bibelen utstilt i Lennox Library, Rare Books Division, New York, USA. Foto: NYc Wanderer, flickr.com CC BY 2.0
Oppfinninga til Gutenberg opnar for ei teknologisk modernisering av den skriftkulturen som er under utvikling. Alt ved utgangen av 1500-talet er det truleg prenta med enn 10 000 ulike bøker. Frå då av verkar det nye massemediet sterkt inn på kvardagslivet til dei som har råd til å kjøpe bøker. At kong Frans I i Frankrike gjer all prenting av bøker til eit alvorleg lovbrot i 1535, får ingen ting å seie.
Den nye teknologien for massespreiing av skrift flyttar latin endå nærmare utgangen frå kvardagen: Bøker kan bli prenta på kva språk det skal vere.
I Mainz har Gutenberg Museum sidan 1901 dokumentert både historia om Bibelen og prentekunsten med særleg vekt på Tyskland. Der ligg også eit eksemplar av Gutenberg-bibelen.
Museet har ei digital utgåve av Gutenberg-bibelen som du finn her.
12. mars 1989 presenterer Tim Berners-Lee planane sine for World Wide Web (www) i Cern i Sveits. Verdsveven endrar måten menneske kommuniserer på.
Sist oppdatert: 13.03.2014