Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


13.3.1895 blir forfattaren Torjus Loupedalen fødd i Kviteseid.
 
13.3.1905 blir skuleinspektør Didrik Kittang fødd i Kinn.
 
13.3.1951 blir forfattaren Marit Tusvik fødd i Høyanger.
 
13.3.1972 blir kvedaren Arve Moen Bergset fødd.
 

All  verdas språk

 
13. mars 2012 melder Encyclopaedia Britannica at utgåva deira i 32 band frå 2010 blir den siste på papir. Frå no av er det Encyclopaedia Britannica Online som gjeld.
Dette er det eldste oppslagsverket på engelsk som framleis kjem ut, og det har i fleire hundre år vore rekna som standarden for gode leksikon. Den første utgåva var på tre band og kom ut i Edinburgh 1768-71. Tiltaket var eit engelsk svar på det franske leksikonet Encyclopédie, utvikla av Dénis Diderot og første gongen utgitt 1751–72.
Frå og med den 11. utgåva i 1911 blir artiklane kortare for å tilpasse leksikonet til den nordamerikanske marknaden, men med engelsk rettskriving. Verket har lenge hatt om lag 500 000 oppslagsord og inneheld om lag 40 millionar ord. Den første digitale utgåva kom i 1994.
Om lag 4400 medarbeidarar og 100 fulltidstilsette redaktørar arbeider med å oppdatere leksikonet, men i lengda er sjølv ikkje dette nok til å vere oppdatert. Med omlegginga til rein digital utgåve tok det engelske leksikonet same vegen som alle kommersielle leksikon har gått sidan 1990-åra og utviklinga av Wikipedia frå 2001.
Sist oppdatert: 28.01.2014