Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
14.3.1859 er Ivar Aasen for første gong i ”Maallag” hos Aasmund Olavsson Vinje.
 
14.3.1940 rår universitets- og fagskulenemnda i Stortinget samrøystes til å løyve inntil 10 000 kroner til eldfast bygg i Aasen-tunet (sjå 21.12.1938, 13.6.1939 og 4.8.1946). Føresetnaden er at dette er ei eingongsløyving, ”at overstiging ikkje kjem staten ved og at staten ikkje med vedtaket bind seg til årlege tilskott til drifta” (sjå 17.11.1995). Stortinget rekk ikkje å handsame komitéinnstillinga før den tyske okkupasjonen.
 
14.3.2011 tek Mari Olafson Lundemo til som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (sjå 7.9.2000, 15.9.2009, 16.8.2010, 6.9.2010 og 5.10.2010).

All verdas språk

14. mars 1981 seier den franske presidenten François Mitterrand i Lorient i Bretagne at «tida er inne for å gi offisiell status til språka og kulturane i Frankrike, opne skuledørene på vid vegg for dei, etablere regionale radio- og tv-stasjonar for å kringkaste dei, og sikre at dei alle spelar den rolla dei fortener i det offentlege».
Utsegna står i skarp kontrast til det president Georges Pompidou sa i 1972: «Der er ingen plass for regionale språk i eit Frankrike som skal setje sitt preg på Europa.» Frankrike har i 2012 enno ikkje ratifisert Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.
Då Mitterrand i 1984 opnar ei utstilling om det franske språket, nyttar han høvet til å framheve det han ser på som dei særlege kvalitetane i dette språket – «dets strikthet, dets klarhet, dets eleganse, dets nyanser, dets rikdom i tid og modus, dets delikate lyder og dets logiske ordstilling».
Sist oppdatert: 28.01.2014