Nynorsk kulturhistorie
15.3.1934 tek rettssaka mot Gustav Indrebø til (sjå 3.1.1933). Dommen fell 26.3. Indrebø blir dømd til å betale ei bot på 600 kroner og dekkje 1000 kroner av sakskostnadene.
15.3.1935 kjem siste nummeret av Den 17de Mai (sjå
9.1.1894)
15.3.1979 vedtek Odelstinget med 67 mot 15 røyster at norsk skal vere eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga.
15.3.2012 blir det nynorske motemagasinet Puella kåra til Årets elevbedrift i Sogn og Fjordane. Dei som står bak, er 17-åringane Anja Helen Kandal, Emilie Risnes Øyre, Monica Flatland og Gudrun Ness frå Luster. Prisen blir delt ut under den årvisse fylkesmessa for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.
15.3.2012 blir band X av Norsk Ordbok, skodde – stæveleg, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Madeleine Halmøy, Hilde C.F. Haug, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.
15.3.2016 publiserer Aftenposten ein reportasje på nynorsk i
kulturdelen av avisa. Journalist er Jan Zahl, og artikkelen om samansetjinga av
underutvala i Kulturrådet har stått på trykk i Stavanger Aftenblad. Tilvisinga
på framsida av kulturdelen i Aftenposten er på bokmål, det same er overskrifta
på artikkelen, men resten er på nynorsk. I ein redaksjonell merknad under
artikkelen skriv avisa: «Denne saken er skrevet av en journalist i vår
samarbeidsavis Stavanger Aftenblad med nynorsk som skriftspråk. Derfor følger
den ikke Aftenpostens språknorm.» Dagen etter publiserer Aftenposten ein ny
artikkel av den same journalisten på nynorsk
All verdas språk
15. mars 1990 blir juristen og den tidlegare generalsekretæren i
kommunistpartiet Mikhail Gorbatsjov vald til den første presidenten i
Sovjetunionen. Det er fem år sidan han 11. mars 1985 blei vald til
generalsekretær i Det sovjetrussiske kommunistpartiet.
Han har gjort tre ord – glasnost (openheit), perestrojka (omstrukturering)
og uskorenie (fartsauke) – til kjennemerke for den økonomiske
og politiske reformprosessen som då tok til. Alle orda bruker han i den nye tydinga dei no får i ein tale til sentralkomiteen
i kommunistpartiet 10. desember 1984, og Pravda refererer frå talen to dagar
seinare. Gorbatsjov blir både den første og den siste presidenten i det store
samveldet.
Den 25. desember 1991 blir Det sosialistiske
samveldet av sovjetrepublikkar som var blitt skipa i 1917, offisielt oppløyst.
I åra som følgjer, får dette mykje å seie for språkpolitikken i dei tidlegare
sovjetrepublikkane. Før den russiske revolusjonen i 1917 førte tsarveldet ein
streng eittspråkspolitikk for russisk i Russland.
I Sovjetunionen skulle prinsippet vere
jamstilling, og ikkje noko språk skulle vere offisielt. Alle hadde rett til å
bruke sitt språk og ta si utdanning på det språket. Dette sette også grenser
for bruken av russisk. Då tida for Sovjetunionen er ute, får dei mange språka
rundt om i dei tidlegare sovjetrepublikkane nye sjansar, ofte i kombinasjon med
ein reaksjon mot russisk.
Sist oppdatert: 13.03.2018