Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie



16.3.1995 skipar Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag Stiftinga Ivar Aasen-året 1996, med Bente Vatne som styreleiar. Einar Schibevaag blir tilsett som dagleg leiar og tek til i stillinga sommaren 1995.
 

All verdas språk

16. mars 1940 døyr den svenske forfattaren Selma Lagerlöf på Mårbacka i Värmland. Ho er ein av dei fremste diktarane i svensk litteratur.
33 år gamal debuterer ho i 1891 med Gösta Berlings saga. Internasjonalt når Lagerlöf lengst ut med Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige. Denne boka er meint som ei lesebok for skulen og kjem ut i to delar i 1906-07. Med tida blir den omsett til meir enn 60 språk.
I 1909 får ho som første kvinne nobelprisen i litteratur «på grund av den ädla idealitet, den fantasiens rikedom och den framställningens själfullhet, som prägla hennes diktning». Fem år seinare blir Selma Lagerlöf som første kvinne vald inn i Svenska Akademien.
Sist oppdatert: 28.01.2014