Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
17.3.1896 tek Marius Hægstad i Den17de Mai til orde for at ”ingen vert student utan aa hava skrivet iallfall ein av dei norske stilar til artium paa landsmaal”. Fire dagar seinare er redaktør Rasmus Steinsvik på leiarplass uviss på om det er klokt å ta eit så stort steg no. 7.4. skriv Arne Garborg i same avisa at ein må vere varsam med tiltak som kan skape meir strid mellom nordmenn og nordmenn.
 
17.3.2005 signerer Utdanningsetaten i Oslo og NIFU Step avtale om plan for evaluering av sidemålsforsøket i Oslo (sjå 21.11.2007).
 
17.3.2006 sender Kultur- og kyrkjedepartementet brev til alle leiarane i statsforvaltninga med melding om at det er ein del av tenesteplikta deira å følgje mållova, og at dette skal gjerast til punkt og prikke (sjå 16.12.2005).
 
17.3.2007 vedtek landsmøtet i Norsk Målungdom at teksting av minst ein kinofilm på nynorsk er den viktigaste arbeidsoppgåva i tida framover (sjå 26.10.2007).
 

All verdas språk

 
17. mars 1733 blir den tyske matematikaren og oppdagingsreisande Carsten Niebuhr fødd i dagens Cuxhaven.

Den 7. januar 1761 legg orlogsskipet «Grønland» frå kai i København med Niebuhr og fem vitskapsfolk om bord. Då skipet kjem til Bombay 10. februar 1764, er Niebuhr den einaste overlevande på denne såkalla arabiske reisa. Niebuhr får kopiert mykje kileskrift i Persepolis og Behistun i dagens Iran.
Arbeidet hans blir vendepunktet i arbeidet med å tolke tekstar på akkadisk i kileskrift. Dette skriftsystemet blir etter kvart avløyst av alfabet, men den yngste teksten i kileskrift er frå om lag 75 e.Kr.

Akkadisk blei utvikla i Midtausten frå om lag 3150 f.Kr. og delte seg frå 2000 f.Kr. i babylonsk og assyrisk. Språket var i bruk fram mot Kristi fødsel, både som det mest utbreidde språket i regionen og som språk for makt, diplomati og forvaltning.

I desember 1901 finn den katolske presten Jean-Vincent Scheil den såkalla Hammurabi-steinen i Susa i Iran. Den inneheld kong Hammurabis lover frå om lag 1770 f.Kr., skrivne på babylonsk. Lovene utgjer 8000 ord i kileskrift og kan reknast som den eldste kjende sakprosateksten.

Steinen blir frakta til Louvre i Paris, og takka vere Niebuhrs arbeid – og nokre etterfølgjarar – kan Scheil omsetje teksten på seks månader i 1902.
Sist oppdatert: 17.03.2017