Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


18.3.2004 avgjer Kultur- og kyrkjedepartementet at dei statlege helseføretaka kjem inn under lov om målbruk i offentleg teneste.
 

All verdas språk

 
18. mars 2004 døyr den norske historikaren Jostein Nerbøvik. Han har i tiåret 1990–2000 vore drivkrafta i arbeidet med å utvikle Ivar Aasen-tunet på same stader der Aasen-familien opna Ivar Aasen-museet 24. juni 1898.
Arbeidet med det nye Aasen-tunet tek til 3. november 1990. Etter eit par veker er hovudlinjene ferdig tenkte, på A4-ark og serviettar på Porse i Volda. Stortinget har 3. november 1995 vedteke å opprette Ivar Aasen-tunet som eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur der staten skal stå for alle ordinære driftsmidlar frå det offentlege. Vertskommunane Volda og Ørsta skal berre yte avgrensa tilskot til bygginga.
Etter to prøvevoteringar vedtek Volda kommunestyre i mars 1996 si løyving med 18 mot 15 røyster og Ørsta kommunestyre med 34 mot 5 røyster. Den 15. mai 1996 blir det sett i gang ein underskriftsaksjon mot at Aasen-tunet skal byggjast, og på to veker skriv 1500 innbyggjarar i Volda og Ørsta seg på listene.
Den 15. september 1996 legg statsråd Åse Kleveland ned grunnsteinen for Ivar Aasen-tunet i Ørsta. I skrinet ligg melom anna ferske nummer av Møre-Nytt og Nationen, Det norske Folkesprogs Grammatik og Symra i nye utgåver frå 1996, det norske riksvåpenet og gjestelista for seremonien. Då grunnsteinen skal leggjast ned, er holet for lite, og same kveld blir skrinet låst inn i Aasen-museet.
Den 14. juni 2000 legg Sverre Fehns medarbeidar Henrik Hille ned grunnsteinen like ved hovudbygningen som statsråd Ellen Horn opnar 22. juni.  
Sist oppdatert: 28.01.2014