Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.3.1884 blir komponisten Sivert Olai Hansson Geitvik fødd i Volda.

19.3.1926 kjem første nummeret av Ørsta Avis ut i Ørsta med Sigurd Bergmann som redaktør. Avisa er eit framhald av Sunnmøre (sjå 3.10.1921). Siste nummeret kjem 11.1.1941. 

19.3.1949 blir journalist Hans Gunnar Skarstein fødd i Bergen.

19.3.1951 blir sosialøkonomen Asbjørn Rødseth fødd i Harstad.

19.3.1953 blir John Aage Gjestrum, utstillingsprodusent for Ivar Aasen-tunet i 2000, fødd.

All verdas språk

19. mars 1962 gir Columbia Records ut debutplata Bob Dylan med Bob Dylan.

Han har sidan februar 1961 spela på klubbar i Greenwich Village i New York, men plata slår ikkje med det same. Det første året sel plateselskapet 5000 eksemplar. Dei fleste av dei 13 songane på plata er tradisjonssongar i Dylans eigne arrangement.

Med på plata er også «Song to Woody», ei hylling av det store førebiletet Woody Guthrie. Denne songartisten og politiske aktivisten har i lang tid samla inn amerikansk tradisjonsmusikk og sjølv skrive mange songar. Blant dei er «This Land is Your Land» frå 1940, som er eit kritisk svar til «God Bless America» av Irving Berlin.

Same året møter Guthrie ein annan tradisjonssamlar, den radikale Pete Seeger. Desse to fornyarane av amerikansk tradisjonsmusikk er nødvendige føresetnader for dei opningane Bob Dylan i 1960-åra skaper for moderne vestleg visesong og rock.

I 2016 får Bob Dylan Nobels litteraturpris «for having created new poetic expressions within the great American song tradition».

Sist oppdatert: 19.03.2019