Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.3.1897 annonserer Magnus Hydle i Den 17de Mai etter folk som er interesserte i å skipe eit omreisande teaterlag som skal spele teater på landsmål (sjå 3.1.1891, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912).

2.3.1948 har den første nynorskomsetjinga av eit Ibsen-stykke, Peer Gynt, premiere på Det Norske Teatret med Hans Jacob Nilsen i hovudrolla.

2.3.1978 gjer redaktør Jostein Pedersen avisa Valdres til ei avis som er redigert på begge målformer. Avisa hadde då vore utgitt sidan 1903, redigert på riksmål.

2.3.2018 legg Arve Sandal og Terje Gilleshammer i møte i Nynorskfylket fram ein første plan for å skipe Nynorskhuset i Førde. Det skal gjerast ved å samlokalisere mellom andre NRK Sogn og Fjordane, Firda, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Sogn og Fjordane Teater. 
 

All verdas språk

2. mars 1956 blir Marokko sjølvstendig stat.

Etter Napoleonskrigane blei landet jamt meir interessant for Frankrike, som i åra frå 1904 er i strid med England og Tyskland om herredømet over landet. Den 30. mars 1912 signerer sultanatet i Marokko den såkalla Fez-avtalen som gjer landet til eit fransk protektorat.

Det franske styret gjer fransk til eit mykje brukt språk i Marokko. I 1945 er det 45 000 franskspråklege elevar og 150 arabiske i skulen, som først blir allmenn då landet blir sjølvstendig. Ti år seinare går over 1,1 millionar born på skule i Marokko.

Arabisk og tamazight er offisielle språk, men fransk er blitt verande eit uoffisielt andrespråk, særleg i forvaltninga, og språket dominerer i handel og økonomi.

Saman med 47 andre land er Marokko med i den internasjonale organisasjonen Francophonie som arbeider for å støtte bruken av fransk. På 2000-talet kjem viktige endringar. Ein tv-stasjon opnar sendingar på tamazight 6. januar 2010.

Den 17. juni 2011 kunngjer kong Muhammad VI at tamazight frå 1. juli same året skal vere offisielt språk i Marokko. Berre i dette landet har språket ein slik status. Språket har vore brukt skriftleg i fleire tusen år og med ulike alfabet. I dag dominerer det arabiske og ein variant av det latinske alfabetet.
 
Sist oppdatert: 18.02.2019