Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.3.1879 blir songbokredaktør og lærar Magnus Johan Anton Våge (Vaage) fødd i Erfjord.

20.3.1887 blir Hans Eidnes, årbokredaktør og formann i Noregs Mållag 1946–49, fødd på Bjarkøy.

20.3.1887 blir songbokredaktør og komponist Lars Søraas d.y. fødd i Fana.

20.3.1941 blir litteraturvitaren Atle Kittang fødd i Kinn.

20.3.1943 blir hotelldirektør Gerd Kjellaug Berge, Årets nynorskbrukar 2001, fødd i Vik.

20.3.2013 opnar Deichmanske bibliotek i Oslo Twitter-konkurransen «Nynorsk i 140!» i samarbeid med Språkåret 2013. Kvar månad kårar biblioteket tre vinnarmeldingar. I juryen sit Per Roger Sandvik, forfattarane Kristine Tofte og Vidar Kvalshaug, og to bibliotekarar.

All verdas språk

20. mars 1970 møtest utsendingar frå 21 land i Niamey i Niger og skipar Agence de coopération culturelle et technique (ACCT) for å fremje fransk som morsmål og handelsspråk. Mottoet er «égalité, complémentarité, solidarité».

I 1998 fører dette til skipinga av L’Organisation internationale de la Francophonie (OIF). Frå då av har OIF også feira det franske språket med Journée internationale de la francophonie den 20. mars kvart år. I 2012 har organisasjonen 56 medlemsland, tre assosierte medlemer og 16 observatørar.

På sitt største er det franske imperiet nummer to i verda etter det engelske. Det språklege fotfestet blir som regel berre solid der dei franske innvandrarane er mange nok, som i Canada. I 1913 blir fransk brukt av makthavarane på ein tredel av det afrikanske kontinentet, men utanom Algerie blir fransk avgrensa til eit språk for den sosiale eliten.

Fransk er i dag offisielt språk i 29 statar, i heile SN-systemet og i ei rekkje internasjonale organisasjonar. Frå 1600-talet til Den første verdskrigen var fransk det vanlege diplomatispråket, men språket mistar denne posisjonen til engelsk etter fradsavtalen i Versailles i 1919. For første gong sidan ein fredsavtale mellom Frankrike og Austerrike i 1714 ligg ein internasjonal avtale føre på eit anna språk enn fransk – rett nok med den engelske omsetjinga som vedlegg.

Fransk er lenge også det internasjonale språket i postvesenet, særleg etter at Union Postale Universelle (Verdspostforeininga) blir skipa i 1874. Der er fransk offisielt språk, men i 1994 kjem engelsk til som arbeidsspråk.

Sist oppdatert: 07.06.2017