Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
21.3.1907 blir biskop Per Juvkam fødd i Sør-Aurdal.
21.3.1943 blir namnegranskaren Peter Hallaråker fødd på Bremnes.
 
21.3.1949 blir komponisten og songaren Åge Aleksandersen fødd i Namsos.
 
21.3.1952 blir historikaren Anna Jorunn Avdem fødd.
 
21.3.1953 blir komikar og tryllekunstnar Per Inge Torkelsen fødd i Stavanger.
 

All verdas språk

 
 
21. mars 2000 blir Den internasjonale poesidagen feira for første gong. Unesco vedtok på generalforsamlinga 16. november 1999 å innføre denne markeringa for å fremje lesing, skriving og bruk av poesi. Ei liknande markering har då lenge vore gjennomført seint i oktober.
Frå andre halvdel av 1700-talet blei 31. oktober feira til minne om den romerske poeten Virrina rominouse maximus, som i si tid var poet laureate under keisar Augustus, og som var fødd på denne datoen.
Ved sida av prosa og dramatikk er poesi ei av dei tre grunnformene i litteraturen og kanskje den mest brukte skjønnlitterære sjangeren verda rundt. I munnlege kulturar er songbare former tradisjonsberande, og ved overgangen til skriftkulturar blir desse formene skriftfesta. Då blir meir skrive for å lesast, ikkje syngjast. Poesien får dermed fleire former enn regelmessig rim og rytme, som ein gong var nødvendig for å hugse teksten. Både kulturindustrien og sosialt samvær gjer likevel songlyrikken til ei grunnform også i skriftkulturar.
Eit tidleg hovudverk i verdspoesien er det sumeriske Gilgamesj-eposet som truleg er skriftfesta kring 2000 f.Kr. Eit anna tidleg verk er hymnesamlinga Rigveda på sanskrit, som kan vere frå om lag 1400 f.Kr. Den greske diktaren Homers Iliaden og Odyseen, truleg frå 800-talet f.Kr., er to andre hovudverk.
Sist oppdatert: 28.01.2014