Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

22.3.1924 melder Den 17de Mai at 563 av 725 kommunar har svara på spørsmålet om målform på oppslag m.m. frå Postverket (sjå 20.7.1923). 228 kommunar vil ha materiell berre på landsmål, 222 berre på bokmål og 97 på begge. 16 kommunar ønskjer ikkje meine noko om saka. Kommunar som vil ha materiell på begge målformer, får i praksis alt på bokmål.
 
22.3.1944 minner Kultur- og folkeopplysningsdepartementet om eit direktiv som slår fast at det er forbode å skrive om språkstrid i pressa.
 

All verdas språk


22. mars 1944 minner Kultur- og folkeopplysningsdepartementet om eit tidlegare direktiv som slår fast at det er forbode å skrive om språkstrid i norsk presse.
Ein liknande politikk blir seinare same året stadfesta i Tyskland. I 1944 har undervisningsminister Bernhard Rusk lagt fram ei reform som skal forenkle og fortyske rettskrivinga. Den 27. juni har Reichspressechef i Berlin sendt ut ein dagsparole om at pressa inntil vidare ikkje skal skrive meir om den nye rettskrivinga. Ein million informasjonshefte om rettskrivinga som skulle sendast til skulane, blir kasta.
Den 24. august 1944 gir Adolf Hitler i ein Führerbefehl ordre om at det vidare arbeidet med ei planlagd rettskrivingsreform i tysk blir utsett til krigen er omme, då dette ikkje er ei krigsviktig sak.
Sist oppdatert: 28.01.2014