Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.3.1869 kjem første utgåva av Nokre Salmar, gamle og nye av Elias Blix ut på Det Norske Samlaget i Kristiania. Heftet inneheld 13 salmar og kjem ut ein dryg månad etter at Kyrkjedepartementet har godkjent Landstads salmebok (sjå 16.2.1869). 4. utgåva kjem ut i 1891, no med 150 salmar (sjå 4.3.1892).

23.3.1927 kjem første nummeret av Fylket ut i Molde med Ola Fladmark som redaktør. Avisa går inn i 2000.

23.3.1966 legg Vogt-komiteen fram si tilråding for Kyrkje- og undervisningsdepartementet om den språkpolitiske situasjonen og norsk språkpolitikk frametter (sjå 31.1.1964).

23.3.2009 vedtek styret i Tine Meierier at dei legg om tekstinga av mjølkekartongane sine. Tidlegare regionale variasjonar går ut, og konsernet vil no bruke nynorsk og bokmål likt over heile landet. Dette inneber at all kulturmjølk og ei side på søtmjølkvariantane over heile landet med faste intervall skal vere på nynorsk, under nemninga TineMelk. Konsernet viser til at dette inneber at om lag 40 millionar kartongar no blir teksta på nynorsk, mot før om lag 17 millionar. Q-Meieriene melder at dei ikkje har nokon planar om å bruke nynorsk på kartongane sine, men marknadsdirektør Lise Godfrey seier dei vil vurdere det dersom det er eit «betydelig ønske». På få veker har over 3000 personar meldt seg inn i gruppa «Vi vil ha mjølk!» på Fjesboka.

23.3.2015 skriv sju ordførarar frå seks parti under på eit brev med krav om meir nynorsk på nettstaden Regjeringen.no. Bakgrunnen er at nynorsk frå og med 2014 ikkje lenger er menyspråk for denne nettstaden.

23.3.2015 presenterer Den Norske Turistforening fjellvettreglane på nynorsk etter eit samarbeid med Noregs Mållag. Reglane blei presenterte på bokmål i 1967.

På ut.no kan du laste ned plakat med fjellvettreglane på nynorsk, trykk på lenka. 

23.3.2017 presenterer Hordaland Teater ein plan for nytt teater med 450 sitjeplassar i Logen i Bergen som skal stå ferdig i 2019. Planen er å gjere dette til eit kraftsenter for nynorsk språk og kultur på Vestlandet. Teateret finansierer heile byggjesummen på 60 millionar av eigne midlar. 

All verdas språk

23. mars 1839 blir uttrykket O.K. sett på trykk for første gong, i Boston Morning Post. Uttrykket dukkar opp i setninga «... would have the ‘contribution box’, et ceteras, o.k. – all correct – and cause the corks to fly, like sparks, upward”.

Det eldste belegget for uttryket skal vere frå ei rettsforhandling i Tennessee i 1790, oppdaga i 1859. Der har den seinare amerikanske presidenten Andrew Jackson sagt: “proved a bill of sale from Hugh McGary to Gasper Mansker, for a Negro man, which was O.K.”

Uttrykket må vere eit av dei mest brukte og vidast spreidde i nyare språkhistorie. Nokre har spora det attende til cockney, fransk eller tysk, andre til gresk eller finsk, norsk eller skotsk, ulike afrikanske språk og ymse personnamn, eller urfolksspråket choctaw søraust i USA. Det verkar likevel mest sannsynleg at uttrykket skriv seg frå engelsk. I tillegg til forklaringa oll correct, slik det er skrive i Boston-avisa i 1839, har ein spekulert over om det kan kome frå det militære Order Known.

Sikkert belegg er det for at president Martin Van Buren, den einaste amerikanske presidenten med engelsk som andrespråk, blei kalla Old Kinderhook etter heimstaden sin i Hudson Valley. Uttrykket O.K. var mellom anna ein del av satiren retta mot president Andrew Jackson, som var utan formell utdanning og visstnok ikkje kunne stave rett. Van Buren vann over Jackson i 1837. «The O.K. club» var det politiske maskineriet hans i New York, og slagord som «O.K. if O.K.!» og «OK for President» blei brukte i valkampen i 1840 – som Van Buren tapte.

Med tida blir dette eit av dei mest utbreidde uttrykka frå engelsk. Korleis og kvifor det fekk ein slik posisjon verda rundt, kan vanskeleg forklarast. Det manglar ikkje på teoriar og forklaringar. Dei sikre prova er det verre med.

Sist oppdatert: 16.07.2018