Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

24.3.1868 blir Det Norske Samlaget skipa av meir enn 100 frammøtte i Kristiania med H. E. Berner som første formann. Den første boka frå forlaget er Søgnir fraa Hallingdal, samla av J. E. Nielsen.  
 
24.3.1939 kjem første nummeret av avisa Folgefonn ut i Uskedal med Thor Myklebust som redaktør. Siste nummeret kjem 24.1.1941.
24.3.1941 kjem første nummeret av Nordmannen ut i Oslo med Conrad Rossgaard som redaktør, utgitt av Nasjonal Samling. Siste nummeret kjem 30.1.1942.
 
24.3.1968 er kong Olav 5 gjest då Det Norske Samlaget feirar 100-årsjubileum i Universitetsaulaen i Oslo.  
 
24.3.1993 er dronning Sonja gjest ved regjeringsmottaking i Parkvegen 45 i Oslo i høve 125-årsjubileet til Det Norske Samlaget. Forlaget markerer jubileet med over hundre tilstellingar i alle fylka under slagordet ”Forlaget for heile landet”.
 
 

All verdas språk

 

24. mars 1752 blir presten og språkforskaren Knud Nielsen Leem frå Haram utnemnd til professor i «lingvæ lapponicæ» i Trondheim.
I åra 1725–28 har han vore misjonær i Porsanger og Laksefjord, og han har vore på ei ny finnmarksferd 1734–35. Med En lappisk Grammatica i 1748 og En Lappesk Nomenclator i 1756 er han den første som beskriv eit samisk språk, i dette tilfellet talemålet i Porsanger. Seinare gir han ut fleire bøker om samisk språk, historie og topografi, mellom andre den store ordboka Lexicon lapponicum bipartitum frå 1768. Han er komen til bokstaven S då han døyr i 1774.
Med grammatikken etablerer Leem ei rettskriving for samisk ut frå dei same ortografiske prinsippa som blir brukte for fleirtalsspråket. Rettskrivinga for umesamisk, lulesamisk og sørsamisk følgjer i hovudsak denne linja. Rettskrivinga for nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk følgjer derimot det fonematiske prinsippet. Ei tredje form for rettskriving står kildinsamisk for med bruk av det kyrilliske alfabetet. 
Sist oppdatert: 26.08.2014