Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.3.1885 blir landsmål for første gong nytta i ein annonse frå det offentlege. Det er Ivar Høyem, formann i Bremanger skulekommisjon, som lyser ut ein lærarpost i Norsk Kundgjørelsestidende.

All verdas språk

25. mars 1918 blir Den kviterussiske folkerepublikken etablert gjennom ein fredavtale ved Brest-Litovsk 3. mars 1918, der Russland trekkjer seg ut av verdskrigen. Den 28. april 1918 blir kviterussisk gjort til det einaste offisielle språket i den nye republikken. Dette språket har først vore lovleg å bruke etter 25. desember 1904.

Den faglege grunnlaget skriv seg frå språkforskaren Branislaw Adamavich Tarashkyevich. Med støtte i forarbeid frå fleire arbeider han med ein første grammatikk for kviterussisk frå 1912. Under den russiske revolusjonen hausten 1917 dreg han til Finland for å få arbeidsro til å avslutte manuskriptet. Kviterussisk skulegrammatikk kjem ut sommaren 1918.

Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken blir etablert i februar 1921. No får republikken fire offisielle språk – kviterussisk, polsk, russisk og jiddisk. Vest-Kviterussland er under polsk styre, og der blir opplæring i kviterussisk motarbeidd av styresmaktene. Sovjetunionen russifiserer det kviterussiske språket, og fram mot 1980-åra tek russisk meir og meir over i Kviterussland.

Ved ei folkerøysting 14. mai 1995 røystar 54 prosent for at russisk skal bli jamstilt med kviterussisk i Kviterussland. Det aukar presset mot bruken av kviterussisk, som for mange skil seg lite frå russisk. I Kviterussland taler om lag 72 prosent russisk og 12 prosent kviterussisk.

I det kyrilliske alfabetet er bokstaven ў unik for kviterussisk. Eit monument over denne bokstaven blir avduka i Polatsk, den eldste byen i landet, i september 2003. Monumentet blir øydelagt 24. juni 2014, men blir raskt sett i stand att.

Sist oppdatert: 07.06.2017