Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

26.3.1853 skriv sokneprest Otto Theodor Krogh på Vestnes i Romsdal i eit innlegg i Morgenbladet at han har fått kyrkjesongar og lærar Ivar Brovold i Tresfjord til å omsetje to evangelietekstar til «ægte Tresfjordsk», ein romsdalsdialekt (sjå 1868).
 
26.3.1949 blir det første lagsbruksmøtet halde for kaffistover og bondeheimar. Seinare blir ei lagsbruksnemnd vald (sjå 8.9.1901).
 
26.3.1982 kjem første nummeret av Indre Sogn ut på Årdalstangen med John Moberg som redaktør. Siste nummeret kjem 18.8.1984.
 
26.3.2009 vedtek styret ved NTNU i Trondheim språkpolitiske retningslinjer der det mellom anna heiter at «Universitetet har et særlig ansvar for å bidra til å utvikle norsk språk og norsk fagterminologi. Norsk omfatter både bokmål og nynorsk».
 
 

All verdas språk

 

26. mars 2006 går den franske presidenten Jacques Chirac brått ut av eit toppmøte i Brussel, i protest mot at ein fransk næringslivsleiar som leier den europeiske næringslivsorganisasjonen, held eit innlegg på engelsk.
Chirac bryt av og spør kvifor han gjer det, og næringslivsleiaren svarar at språket på dette møtet skal vere engelsk. Då Chirac reiser seg og går, seier han at han gjer det fordi representanten for Frankrike valde å snakke på språket til Shakespeare og ikkje språket til Voltaire. Dei franske styresmaktene meiner alvor i forsvaret av fransk. Fire år tidlegare har difor CIA måtta ta i bruk fransk som arbeidsspråk i bygningen dei deler med kollegaen Delégation générale de la Securité Exterieure.
I historisk kontrast til dette snakkar 7. november 1942 for første gong ein amerikansk president eit anna språk enn engelsk. Den dagen taler Franklin D. Roosevelt til franske troppar i Nord-Afrika på fransk.
Sist oppdatert: 26.08.2014