Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


27.3.1848 gir Ivar Aasen ut Det norske Folkesprogs Grammatik ”paa det kongelige norske Videnskabs-Selskabs Bekostning” i 500 eksemplar.
 
27. mars 1997 avseier domstolen i Sapporo ein dom i ei utbyggingssak som gir ainu-folket medhald i å hevde sin kultur og sine tradisjonar.

All verdas språk

Det er første gongen japanske styresmakter anerkjenner denne folkegruppa som kan føre si historie tilbake til 1200-talet, og som i si tid særleg heldt til på øyane Hokkaido i Japan og Sakhelin i Russland.
Domen i Sapporo får raskt følgjer. Den 8. mai same året vedtek den japanske lovgivande forsamlinga Diet ei lov om ainu-kulturen og trekkjer samstundes tilbake ei lov frå 1899 som fram til då har vore grunnlaget for undertrykking og assimilering. Dette har mellom anna ført til at neppe meir enn hundre menneske kring 2000 taler det gamle språket ainu. Den nye lova er knapp, men markerer eit vendepunkt i japansk minoritetspolitikk.
På denne tida ser Japan også ein annan veg språkleg. Den 18. januar 2000 rår eit offentleg oppnemnt utval til at engelsk blir innført som offisielt språk i Japan. Det blir med forslaget.
Sist oppdatert: 30.01.2014