Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


28.3.1852 blir redaktør Nils Nilsson Skaar (Skår) fødd i Øystese. Han er stortingsrepresentant (V) 1886–94 og 1910–15.
 
28.3.1937 blir journalist og politikar Arne Johansson Fjørtoft fødd i Sauda.
 
28.3.1947 blir forfattaren Hanne Aga fødd på Røra.
 

All verdas språk

28. mars 1985 får arkeologen Paolo Matthiae den største heider ein italiensk statsborgar kan få – L'Ordine al merito della Repubblica italiana.
Matthiae får utmerkinga for eit arbeid som tok til i 1964. Han var 24 år gamal då han det året sette i gang med utgravingar nordvest i Syria. I dette området var det ruinar etter fleire gamle landsbyar av same slaget det er funne mange av i Egypt og Mesopotamia. Utgravingane tek til 55 km sørvest for Aleppo på ei høgd kalla Tell Mardikh.
Fleire tusen år tidlegare låg metropolen Ebla her, ein viktig by i eit egyptisk rike som strekte seg frå Nord-Afrika til Assyria. Egyptisk blei aldri kvardagsspråket i heile dette riket, sjølv ikkje i forvaltninga. Ebla er nemnd i tekstar frå Alalakh om lag 1750 f.Kr. Byen blei øydelagd av ein hettittisk konge om lag 1650 f.Kr., og frå 700-talet ligg den då vesle byen øyde. Difor er nesten all informasjon om Ebla blitt borte.
Etter fire år finn Matthiae i 1968 ein statue med innskrift av kong Ibbit-Lim i Ebla. Utgravingane held fram, og i 1974 kjem gjennombrotet med funnet av 42 leirtavler “in the cuneiform wedge-writing system first developed in Mesopotamia”. Dei to neste åra finn dei nær 17 000 leirtavler og fragment – 5000 av desse kan vere frå det kongelege arkivet.
Kollega Giovanni Pettinato frå Universitetet i Roma knekkjer på kort tid språkkoden fordi 114 av leirbrikkene er tospråklege ordlister sumerisk – eblaittisk. Til no er dette dei eldste tospråklege ordlistene i verda. Pettinato konstaterer at innskrifta på dei fleste leirtavlene er på sumerisk, eit av dei eldste skriftspråk i verda.
På om lag ein femdel av tavlene er derimot eit anna språk brukt. Dette viser seg å vere eit semittisk språk som til då har vore ukjent, og som no blir kalla eblaittisk, her forma i det same skriftsystemet som sumerisk. Desse leirtavlene skriv seg truleg frå tidsrommet 2500–2300 f.Kr., tusen år før dei eldste skriftene i Det gamle testamentet. Tekstane på dei fleste tavlene dreiar seg om handel, krigføring og forvaltning. I følgje ei av tavlene budde det heile 260 000 menneske i kongeriket Ebla. Det er funne om lag 5000 stadnamn på tavlene, og mange av desse har vore ukjende for historikarane.
Det dukkar også opp personnamn som til no ikkje har funnest i eldre kjelder enn Bibelen, som Adam og Abraham, Saul og David. Ebla handla mykje med stadene Sodoma og Gomorra – også for desse namna hadde Bibelen til då vore eldste kjelda. På ei av leirtavlene star dette ordtaket: «Gåva er alt, gåva er livet.»
Sist oppdatert: 30.01.2014