Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


3.3.1899 blir Det norske Spellaget skipa med Magnus Hydle som første formann. Laget har første framsyninga på Eldorado Theater i Kristiania 21.3. med stykke av Hulda Garborg og Rasmus Løland. Laget går inn etter kort tid, og kjem i gang att i 1910. Dette er kimen til det som i 1912 blir Det Norske Teatret (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 18.11.1898, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912).
 
3.3.2009 går leiarane i Senterungdomen, Arbeidernes Ungdomsfylking og Sosialistisk Ungdom i eit lesarbrev i Dagbladet inn for at staten må stille språkkrav til aviser for at dei skal kunne halde på momsfritaket (sjå 19.1.2009, 19.2.2009).
 
3.3. 2014 sender Språkrådet eit notat på om lag 30 sider til Kulturdepartementet  om ein samla norsk ordbokspolitikk. Notatet er ei utdjuping av den utgreiinga Språkrådet sende til departementet 26.8.2013 (sjå 2013). I notatet framhevar Språkrådet mellom anna behovet for å føre vidare Norsk Ordbok etter at band 12 ligg føre vinteren 2015.
 

All verdas språk

 
3. mars 1819 vedtek Kongressen i USA ei utdanningslov som skal hindre at dei indianske stammane blir svekte, lære dei jordbruksdrift som er tilpassa deira situasjon, og gi dei opplæring i lesing, skriving og aritmetikk.
Dette inneber at engelsk skal bli språket deira. Utviklinga blir forsterka då ei ny lov 2. februar 1887 gjer det forbode å bruke urfolkspråk i skulane.
Engelsk dominerer frå første stund nordaust i USA, og alt i 1848 strekkjer unionen seg like til Stillehavet. Det skjer med makt, men det er først og fremst dei mange og tidlege busetjarane på veg vestover som endrar språkbiletet til engelsk. Den endringa går hardt ut over urfolksspråka, men i dei siste tiåra har desse fått tydeleg fleire brukarar.
I dag blir meir enn 300 språk brukte i USA. Av dei historiske urfolkspråka er quechua det største med minst seks millionar brukarar. Dette var inka-folkets språket, men quechua var utbreidd i Andes og Peru også før inkariket 1438–1533. I dette tidsrommet oppstår fleire dialektar av quechua. Den spanske munken Domingo de Santo Tomás gir i 1560 ut Grammatica o arte de la lengua general de los indios de los reynos del Perú.
Etter den spanske koloniseringa frå 1492 blir quechua eit lingua franca mellom urfolk og kolonimakt, og den romersk-katolske kyrkja bruker språket i si evangelisering. Språket får dermed eit større bruksområde, men mistar denne posisjonen då styresmaktene i Peru gjer det forbode å bruke quechua offentleg etter eit urfolksopprør mot kolonistyret i 1780. Quechua kom i si tid frå vestkysten og er no mest brukt utanfor byane i landet.
Sist oppdatert: 08.01.2015