Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

30.3.1916 har Bernt A. Støylen ferdig utkast til ny altarbok, på oppdrag frå Kyrkjedepartementet (sjå 8.10.1920).
 
30.3.1985 kjem første nummeret av Vestmannen ut med Jostein Krokvik som redaktør og Vestmannalaget som utgivar.
 
30.3.2005 opnar statsråd Kristin Clemet Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda, som kom i stand etter eit initiativ frå henne (sjå 2.4.2004 og 1.1.2005).
 
30.3.2012 kunngjer Det Norske Samlaget at forlaget har selt skulebokavdelinga til Fagbokforlaget.
 
 

All verdas språk

 

30. mars 1791 blir ordet og eininga meter definert.
Etter tilråding frå det franske vitskapsakademiet 19. mars same året vedtek den franske nasjonalforsamlinga at ein timilliondel av lengda av jordmeridianen frå pol til ekvator skal vere lengdeeininga, og at den skal heite metre. Ordet er henta frå gresk metron, som tyder ‘mål’, og alt i 1675 har den italiensk-polske oppfinnaren Tito Livio Burattini føreslått denne nemninga i verket Misura Universale. På portugisisk, spansk, italiensk og gresk er skrivemåten metro. Den gongen meinte ein at jordkloten var heilt rund, og med meir kunnskap om dette måtte difor definisjonen seinare justerast.
I 1799 blir ein prototype som måler nøyaktig ein meter, laga i platina, i 1899 i ei legering av indium og platina. Den nyaste definisjonen er frå 1983: Ein meter er den strekninga lys forplantar seg i vakuum på nøyaktig 1/299 792 458 sekund.
Den franske nasjonalforsamlinga vedtek 7. april 1795 også definisjonen av kilo, henta frå det greske ordet som tyder ‘tusen’. Den som etablerer eit desimalsystem for vekt og lengd, er den engelske biskopen og filosofen John Wilkins i An Essay towards a Real Character and a Philosophical Language i 1668.
Sist oppdatert: 30.03.2019