Hopp til innhold
Ottar Grepstad

All verdas språk

 

31.3.1901 held Peter Hognestad preike på landsmål i Johanneskirken i Kristiania. Dette er den første preika på landsmål i Den norske kyrkja i hovudstaden, til sterke protestar frå fleire aviser (sjå 12.11.1899). 
 
 31.3.1903 blir Peter Hognestad utnemnd til stiftskapellan i Kristiania. Sjølv om Kyrkjedepartementet til tider strittar imot, held Hognestad alle sine preiker på landsmål. Den første preika i embetet held han i Garnisonskyrkja i Oslo 18.10. (sjå 23.4.1907). 
 
31.3.1937 kjem første nummeret av Noreg ut i Oslo med Einar Breidsvoll som redaktør. Siste nummeret kjem 4.5.1944.
 
31.3.2005 legg Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum fram ein omfattande prosjektpresentasjon for eit nynorsk digitalt leksikon (sjå 23.2.199920.8.2001, 8.11.2001, 1.7.2002, 10.11.2005, 13.12.2005, 19.12.2006, 20.4.2007, 20.8.2008, 19.2.2009, 2.6.2010).
 
 31.3.2006 lanserer pressebyrået ANB nyheitsteneste på nynorsk i samarbeid med Norsk Plan.
 
31.3.2009 leverer pensjonert lærar Einar Smørdal inn 500 underskrifter og ei liste med 19 kandidatar for partiet «Ett (skrift)språk» i Akershus. Ved stortingsvalet 14.9. får partiet 103 røyster.
 
31.3.2009 søkjer Nynorsk kultursentrum for første gong om midlar til å utvikle Språkåret 2013. Det året er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna. Nynorsk kultursentrum har i åra 2005–2009 utvikla skisser og planmoment for tiltaket (sjå 12.11.2010).
 
 

All verdas språk

31. mars 1879 bestemmer den austerrikske presten Johann Maertin Schleyer seg for å lage eit nytt, enkelt språk som kan forenkle internasjonalt samkvem. Seinare skreiv han om tanken som slo han denne natta:
«In einer mir selbst rätselhaften, ja geheimnisvollen Weise, in dunkler Nacht, im Pfarrhaus in Litzelstetten, im mitt Eckzimmer des 2. Stockes, das in den Pfarrgarten hinausschaut, als ich über so viele Missstände, Gebrechen und Jämmerlichkeiten unserer Zeit nachdachte, stand plötzlich das Gebäude meiner Weltsprache vor meinem geistigen Auge. Meinem guten Genius verdanke ich das ganze System der Weltsprache Volapük.»
Den 18. januar 1878 arbeidde han med å lage eit nytt verdsalfabet. No laga han planspråket volapük, som frå hans side er fullført med ordbok og grammatikk i 1880. I 1889 har språket ein million tilhengjarar og sitt eige språkakademi.
Schleyer meinte sjølv han kunne snakke 50 språk (norsk var eitt av dei), han skreiv tekstar på 22 språk og grammatikkar eller ordbøker for 25 språk.
Sist oppdatert: 26.08.2014