Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.3.1892 autoriserer statsråd Wilhelm Andreas Wexelsen Elias Blix’ Nokre Salmar til bruk i kyrkja ”hvor Beslutning om saadan Benyttelse bliver fattet af Menighedens Husfædre”.
4.3.1908 prentar Den17de Mai den første statistikken av Peder E. Hovdan om bruk av nynorsk, om Blix-salmane.
4.3.1914 kjem første nummeret av Bondebladet ut på Voss med Knut Lydvo ofl. som redaktør. Siste nummeret kjem 6.12.1935.
4.3.1933 opnar Komediateatret i Bergen dørene med folkekomedien Bertels gjenvordigheter av Torvald Tu. Administrasjonsspråket er bokmål, men svært mykje av repertoaret blir spelt på dialekt. Komediateatret set opp 180 produksjonar før det er slutt våren 1964.
4.3.1975 vedtek Stortinget med 71 mot 49 røyster ein tiårsplan for utbygging av distriktskontor for NRK i alle fylka, men røystar ned forslag om prøvedrift med nærkringkasting. Kringkastingsringen har arbeidd for desse sakene i fleire år.
4.3.1996 vedtek Ørsta kommunestyre med 34 mot 5 røyster å løyve dei planlagde midlane til bygging av Aasen-tunet (sjå 29.2.1996).
4.3.2008 skriv den nye redaktøren Britt Sofie Hestvik på leiarplass i Kommunal Rapport at bladet frå no av skal redigerast på begge målformer.
4.3.2008 kunngjer Utdanningsdirektoratet at ”eventuelle søknader om forsøk med valfritt skriftleg sidemål eller søknader om fritak frå skriftleg sidemål, i utgangspunktet ikkje vil bli godkjende”. Dette gjeld både grunnskulen og den vidaregåande skulen.

All verdas språk

4. mars 1915 går den tyske språkforskaren og legen Otto Dempwolff i land i Warnemünde.
Han er blitt send frå Ny Guinea 4. oktober 1914 til ein fangeleir ved Liverpool, og tilbake i Tyskland blir han armélege i Saarbrücken resten av den første verdskrigen. Tidlegare har han undersøkt mellom anna nama-språket i Namibia, den gongen gjerne kalla hottentottspråk, i dag khoekhoe. Han blir utnemnd til professor i 1918, og i åra 1934–38 lagar han den første systematiske inndelinga av dei austronesiske språka som blir talte på øyane i Søraust-Asia og i Stillehavet.

Eit par år held Dempwolff seg i Tysk-Sørvest-Afrika, tysk koloni i 1884–1915, eit mykje større landområde enn det tyske keisarriket på same tida, og i dag ein del av Namibia. Då Preussen tek sine første koloniar i 1884, treng dei eit språk å bli forstått på. Difor utviklar Emil Schwörer i 1916 Kolonial-Deutsch som ei enklare form for tysk med om lag 500 uttrykk, men under den første verdskrigen mistar Det tyske riket kontrollen over koloniane, og det enkle språket blir difor aldri lansert.
I dag er tysk nasjonalspråk i Namibia og morsmål for om lag 30 000 innbyggjarar. Afrikaans er det mest brukte språket i Namibia og fungerer som eit lingua franca, men i 1990 vedtek styresmaktene likevel at engelsk skal vere det einaste offisielle språket. Då blir det også bestemt at offentleg tilsette ikkje har lov til å bruke noko anna språk enn det offisielle, men dette forbodet blir ikkje handheva.
Sist oppdatert: 06.01.2016