Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


5.3.1867 blir forfattaren Hans Andreas Johanneson Seland fødd i Nes.
 
5.3.1871 blir forfattaren Lars Jaastad fødd i Ullensvang.
 
5.3.1877 blir journalist og ungdomslagsmann Klaus Sletten fødd i Høyland.
 
5.3.1961 blir forfattaren Lars Ove Seljestad fødd i Odda.
 
 

All verdas språk

5. mars 1460 vel adelen i Slesvig-Holstein den danske kong Christian I til hertug. Kong Sigismund av Böhmen har alt 28. juli 1424 proklamert at den nordre delen av Slesvig, Sønderjylland, er dansk med den grunngivinga at Danmark er eit land med eitt språk.

Slesvig har i lang tid vore eit språkleg grenseland mellom dansk og tysk. Kring 1830 bur om lag 330 000 menneske i Slesvig, og fleirtalet av dei taler dansk.

Den 15. desember 1810 fastset kong Frederik VI i eit såkalla språkreskript at i dei områda av hertugdømet Slesvig der dansk er «almenmands sprog», skal dansk takast i bruk i staden for tysk i skule, kyrkje og rettsvesen. Språket er, heiter det i reskriptet, «et af de naturligste og simpleste Midler til at grundfæste og vedligeholde National-Enhed». Samstundes blir det oppretta ein lærestol i dansk ved Universitetet i Kiel.

Den 14. mai 1840 følgjer kong Christian 8 opp med eit nytt språkreskript om at dansk skal vere regjerings- og rettsspråk i dei delane av hertugdømet Slesvig der dansk alt er kyrkje- og skulespråk, men også at tyske born skal få tre timar opplæring i tysk i veka. Bakgrunnen er at dansk språk har kome under aukande press i hertugdømet.

Prøyssen tek i 1864 kontroll over heile Slesvig og innfører ei rekkje tiltak som skal fremje bruken av tysk språk og dempe bruken av dansk. Dansktalande lærarar og prestar blir oppsagde, og frå 1895 kan namnet Sønderjylland berre brukast i historiske framstillingar. Slesvig er ein del av Det tyske riket til ei folkerøysting i Nord- og Mellomslesvig vinteren 1920 gjer Nordslesvig til ein del av Danmark att frå 10. juli 1920.

Mange i det tyske mindretalet sør i Danmark har sønderjysk som sitt heimespråk, medan mange i det danske mindretalet i Tyskland bruker tysk. Formelt fastset Danmark og Forbundsrepublikken Tyskland gjennom einsidige erklæringar kalla København-Bonn-erklæringane 29. mars 1955 rettane for dei språklege mindretala i dei to landa.

Alt 5. mai 1920 blir Dansk Skoleforening for Sydslesvig skipa. Foreininga driv etter kvart 46 skular med om lag 5700 elevar, og 55 barnehagar med 2200 born. Desse tala held seg ganske stabile over lang tid. Strategien for det danske mindretalet er å vere så danske som mogleg og så tyske som nødvendig.

Sist oppdatert: 07.06.2017