Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.3.1931 skiftar Nidaros namn til Trondheim (sjå 10.2.193018.2.1930 og 28.2.1930).

6.3.1953 kjem første nummeret av Sambygdingen ut på Haus med Magne Haukedal som redaktør. Avisa er eit framhald av Haus Bygdeblad (sjå 8.3.1946). Siste nummeret kjem 20.3.1954.

6.3.1972 blir Norsk Bokreidingslag LL skipa opp att. Forlaget blei første gongen skipa i 1939.

6.3.2008 kjem første nummeret av ÅmliAvisa ut i Åmli med Inger Stavelin som redaktør.

6.3.2013 kjem Fredriksstad Blad ut på fredrikstaddialekt. Dette var del av markeringa av dialektfestivalen «Prækes» i byen. Avisa er utseld alt same morgonen og trykkjer etter kvart to nye opplag av nummeret, det eine på fint papir med ein utsalspris på 99 kr.

All verdas språk

6. mars 1864 tek ubykharane til å flykte frå området sitt nær Sotsji i Abkhazia ved austkysten av Svartehavet. Dei er om lag 50 000 og fryktar kva den russiske hæren no vil gjere.

Ubykharane har vore spreidde i fleire dalføre. Fram til 183 har dei stort sett levt i fred utan konflikt med tsarveldet. Med fredsavalen i Adrianopel (Edirne) mellom det ottomanske riket og Russland i 1829 blir den austlege Svartehavs-kysten russisk, og det opnar for at Russland kan ta kontroll over vest-Kaukasus.

I første omgang går det ikkje så bra fordi russsarane ikkje greier å møte den sterke motstanden frå ubykharane og andre grupper i området. 1840 blir eit frykteleg naudår med sviktande avlingar, og då Krim-krigen er omme i 1856, kjem russarane attende. Dei ubykhiske leiarane utvidar den militære motstanden med diaplomatiske initiativ og set si lit til England, men eit viktig brev til den engelske konsulen i Sukhumi hamnar på russiske hender. Den 6. mars 1864 kapitulerer ubykharane.

Tsar Aleksander II lovar fri veg for dei som vil utvandre til Tyrkia, men fører den brende jords taktikk. Den einaste sjansen er eksil, mukhadzhirstvo. Dei siste ubykharane reiser ut 21. mai, og same dagen melder tsarens hærførar til St. Petersburg at den kaukasiske krigen er over.

Med sine tre vokalar og 81 konsonantar skil ubykh seg ut mellom språka i verda. No er det historie. Ubykharane legg stort sett att både språk og kultur. I Tyrkia blir dei spreidde for alle vindar, men dei fleste buset seg i Manyas vest i Tyrkia. Der går dei etter kvart over til tyrkisk, men nokre talar ein dialekt av det kaukasiske språket adygeisk. Den siste som taler ubykh, er Tevfik Esenç; han døyr 7. oktober 1992. 

Sist oppdatert: 29.07.2019