Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.3.1902 held Hulda Garborg den første folkedansframsyninga, under ein marknad i Kristiania.

7.3.1997 kjem første nummeret av Årdal og Lærdal Avis ut i Årdal med Ole Johannes Øvretveit som redaktør. Siste nummeret kjem 30.6.2002.

7.3.2012 melder Noregs Mållag at dei har fått godt over 1700 nye medlemer etter at statsråd Kristin Halvorsen 24.1. tok til orde for å redusere undervisninga i sidemål i skulen og avvikle ordninga med eigen skriftleg eksamen i sidemål i vidaregåande skule. Ein av dei nye medlemene er Audun Lysbakken, som seinare same våren blir vald til ny leiar i SV.

All verdas språk

7. mars 1835 erklærer East India Company at den største oppgåva for den britiske regjeringa bør vere å fremje europeisk litteratur og vitskap blant dei innfødde i India, og at den beste måten å bruke offentlege midlar på er å gi opplæring i engelsk. Det stemmer godt med det rådande synet i England.

Same året seier historikaren og poeten Thomas Macaulay i eit foredrag at ei enkel bokhylle i eit godt europeisk bibliotek er meir verdifull enn summen av all indisk og arabisk litteratur. Han er president i Indian Committee of Public Instruction og ønskjer å forme ein klasse “who may be interpreters between us and the millions whom we govern – a class of persons, Indian in blood and colour, but English in taste, in opinion, in morals, and intellect.”

Det handelsmonopolet East India Company hadde i India, var gått tapt i 1813. Selskapet har drive med mykje meir enn handel, og no trengst kulturell og språkleg tilpassing til det britiske handelsveldet. Verksemda til selskapet har mykje å seie for at engelsk framleis er mykje brukt i India, særleg i handel og kommunikasjon. Macaulay får den støtta han treng, og nær sagt over natta tek engelsk over i styre og stell.

Utspelet fell likevel ikkje berre i god jord. Det har ulma lenge i India, og eit stort opprør mot selskapet og den britiske makta bryt ut i 1857. Opprøret endar med at England innfører direkte styre i India, og det selskapet som i 1835 vil fremje meir engelsk, blir få tiår seinare oppløyst, i 1874.

Nest etter USA og Storbritannia er India i dag den største marknaden for bøker på engelsk.

Sist oppdatert: 06.03.2018