Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

8.3.1867 blir bilethoggaren Ingebrigt Hansen Vik fødd i Kvam.
 
8.3.1886 blir forfattaren Tore Ørjasæter fødd i Skjåk.
 
8.3.1939 blir universitetsrektor og leiar i Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, fødd i Bergen.
 
8.3.1942 blir kultursjef Håkon Fimland fødd.
 
8.3.1946 kjem første nummeret av Haus Bygdeblad ut på Haus med Johs. Revheim som redaktør. Siste nummeret kjem 27.2.1953. Avisa held fram som Sambygdingen (sjå 6.3.1953).
 
 

All verdas språk

8. mars 1922 avgjer Vladimir Lenin at dagen skal vere ei årleg feiring av innsatsen til kvinnene i den russiske revolusjonen i 1917.
Ein nasjonal kvinnedag er første gongen blitt arrangert 28. februar 1909 i USA. Året etter vedtek over hundre kvinner frå 17 land på ein konferanse i regi av Den sosialistiske internasjonale i København å innføre ein internasjonal dag for å heidre arbeidet for kvinnerettar og støtte arbeidet for allmenn røysterett. Dette blir gjort i Russland både i 1913 og i 1917, på siste søndagen i februar etter den gregorianske kalenderen, som i 1917 svarar til 8. mars i den julianske. Dei sameinte nasjonane anerkjende denne dagen i 1975, og 8. mars er no offisiell fridag i om lag 30 land.
Språk og kjønn har mykje med kvarandre å gjere, men ingen stad meir enn i skriftsystemet nüshu i Kina frå 1400-talet. Dette er det einaste kjende skriftsystemet som berre har vore brukt av kvinner. 
Sist oppdatert: 26.08.2014