Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.3.1931 kl.11.15 held biskop Bernt Støylen den første andakta på nynorsk i radio, frå Oslo kringkaster.

9.3.2006 blir forprosjektrapporten for Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 lagd fram. Budsjettet er på over 10 mill. kr (sjå 13.4.2007).

9.3.2016 blir band 12 lansert og heile Norsk Ordbok feira i Universitetsaulaen i Oslo. Det samla verket inneheld 333 173 oppslagsord på 9637 sider. På dei 85 åra frå 1930 til 2015 har Stortinget løyvt om lag 255 millionar 2015-kroner til Norsk Ordbok. Verket er blitt redigert av ti hovudredaktørar og 52 redaktørar. 

All verdas språk

9. mars 1944 kunngjer statsminister Winston Churchill i Underhuset at den engelske regjeringa vil støtte forsøket på å gjere Basic English til internasjonalt hjelpespråk. 

Winston Churchill. Kjelde: SDASM Archives (katalognr.: BIOC00314), Flickr.com (ingen kjente restriksjonar/falle i det fri).

Winston Churchill. Kjelde: SDASM Archives (katalognr.: BIOC00314), Flickr.com (ingen kjente restriksjonar/falle i det fri).

Ni år seinare får han nobelprisen i litteratur for bøkene sine om britisk historie og den krigen han no er midt i. Av hans mange utsegner er truleg den mest siterte ei setning frå ein tale i Underhuset 13. mai 1940 få dagar etter at dei tyske styrkane har invadert Frankrike: «I have nothing to offer but blood, toil, tears and sweat.»

Basic English er forenkla engelsk, utvikla av Charles Key Ogden i 1920-åra, og ordtilfanget er avgrensa til 850 ord. Ogden opprettar i 1927 The Orthological Institute for å fremje dette språket, og i 1932 gir han ut Finnegan’s Wake av James Joyce omsett til Basic English.

Dei allierte avviser tanken om å bruke Basic English. I 1950-åra fell interessa for Basic English. Eit mykje brukt argument er at eit så enkelt språk kan gå ut over tankeevna. Nokre tiår seinare dukkar Plain English opp. I 1978 tek president Jimmy Carter initiativet til å endre offentlege regelverk som kan gjere desse “cost-effective and easy-to-understand by those who were required to comply with them”. Frå 1979 har britiske styresmakter regelmessig gjennomført English Campaign.

Andre land har følgt opp med handlingsplanar og tiltak for klarspråk – som Sverige frå 1993, og Noreg med klarspråkteneste i Språkrådet frå 2006. Frå 1993 blir eit internasjonalt nettverk for klarspråk utvikla. Dette tek seinare form som Plain Language Association International. Frå 2003 har Wikipedia hatt ei eiga utgåve på Simple English. Denne er basert på Basic English med eit ordtilfang som er utvida til om lag 2000 ord.

I 1995 lanserer fransktalande Jean-Paul Nemère varianten Globish med 1500 ord. Andre følgjer opp, og målet er enkelt: «Good Globish is correct English.» Variantar av blandingsengelsk blir lingua franca i ulike land, som manglish i Malaysia, singlish i Singapore og taglish i Filippinane. Reaskjonane er ymse. Den 5. oktooer 2006 innfører regjeringa i Malaysia bøter for den som i visse offentlege samanhengar bruker manglish.

Sist oppdatert: 07.06.2017