Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.11.1864 blir den første folkehøgskulen, Sagatun, skipa på Hamar med Olaus Arvesen og Herman Anker som lærarar. Skulen blir nedlagd i 1891.

1.11.1971 blir Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda opna.

1.11.1978 kjem første nummeret av Dølaposten på Otta ut med Jon Vegard Lunde som redaktør. Avisa gir ut sitt siste nummer 25.8.1982.

1.11.1985 gir Noregs Bank ut den første pengesetelen med nynorsk tekst, med motiv av A. O. Vinje. Det har gått 62 år sidan Noregs Mållag reiste eit krav om nynorske pengesetlar (sjå 14.8.1923).

1.11.2011 tek Edmund Austigard over som forlagsdirektør i Samlaget, etter at Tove Lie gjekk på dagen i februar (sjå 3.2.2011).

1.11.2018 tek Per Magnus Finnanger Sandsmark til som direktør i Nynorsk kultursentrum (sjå 7.6.2018). 

All verdas språk

1. november 1824 vedtek regjeringa ved kongelig resolusjon å opprette det som blir den første døveskulen i Noreg.

Skulen får namnet Throndhjems Døvstumme-Institut og kjem i drift våren 1825. Med Andreas Christian Møller som lærar blir institusjonen eit viktig grunnlag for utviklinga av norsk teiknspråk. I dag heiter denne institusjonen Møller-Trøndelag kompetansesenter. Ein annan viktig institusjon i Noreg er Ål folkehøgskole og kompetansesenter for døve.

Born med teiknspråk som førstespråk har frå 2009 rett til opplæring i og på teiknspråk. Stortinget vedtek i 2010 derimot å leggje ned dei døveskulane som finst. I seinare år har mange statar gjort teiknspråk til offisielt språk.

Teiknspråk blir utvikla og formidla vidare i ein kommunikasjonsfellesskap av døve. Å lære teiknspråk er like lett for born som høyrer som for døve, og mange høyrande har eit teiknspråk som morsmål. Difor ønskjer teiknspråkbrukarar å unngå nemninga døvespråk. Lingvistisk sett slektar talespråk og teiknspråk ikkje på kvarandre, men teiknspråka er bygde opp på den same måten som talespråka. Skilnaden er at teiknspråk er visuelle og talespråk auditive. Norsk teiknspråk har om lag 40 tydingsskiljande handrørsler.

World Federation of the Deaf har sidan 1958 markert den siste søndagen i september som Den internasjonale døvedagen.

Sist oppdatert: 22.02.2019