Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
11.11.1847 skriv Vitskapsselskapet i brev til Ivar Aasen at løna er auka til 200 spesidalar i året frå 1.10.1847 (sjå 28.2.1842 og 26.8.1842).
 
11.11.1939 syner Det Norske Teatret for første gong eit stykke av Bjørnstjerne Bjørnson på nynorsk: Mellom slaga.
 
11.11.2004 blir nynorskversjon av NettBank teken i bruk. Nynorskversjonen er utvikla av Sparebanken Volda Ørsta og Voss Sparebank med hjelp frå Nynorsk kultursentrum og Voss Mållag.
 

All verdas språk

 
11. november 1821 blir den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij fødd i Moskva. Med si innsikt i psykologi og samfunn skaper han på russisk fleire hovudverk i verdslitteraturen, og bøker av han er omsette til om lag 170 språk.
Foto frå 1876. Ingen CC, ukjend fotograf.
Foto frå 1876. Ingen CC, ukjend fotograf.
16 år gamal reiser han til St. Petersburg for å studere ved militærhøgskulen i byen. I 1844 bryt han mellombels av den militære karrieren for å bli forfattar. Berre to år seinare dobbeldebuterer han med to bøker – Бедные люди (Fattige folk) og Двойник (Dobbeltgjengeren).
I 1849 blir han arrestert og dømd for deltaking i ei sosialistisk gruppe, og etter fengselsstraff blir han forvist til Sibir i fleire år, før han på ny går inn i dei militære styrkane og tenestegjer nokre år i Kasakhstan.
Hovudverka kjem på nokre få år: Преступление и наказание (Forbrytelse og straff) i 1866, Идиот (Idioten) i 1868 og Братья Карамазовы (Brødrene Karamasov) i 1880.
Dostojevskij døyr 9. februar 1881 i St. Petersburg. 
Sist oppdatert: 21.03.2014