Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


12.11.1899 held Ivar Mortensson-Egnund preike i unitarkyrkja Broderskabets Kirke i Kristiania. Dette er den første preika på landsmål i hovudstaden (sjå 7.1.1872 og 31.3.1901).
 
12.11.2002 vedtek Odelstinget samrøystes å oppheve den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd frå 1971, der det heiter at institusjonen skal «støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen» (sjå 9.6.1971). 
 
12.11.2009 blir band VIII av Norsk Ordbok, mugg – ramnsvart, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Hege Fjeldseth Hellum, Ingunn Indrebø Ims, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Laurits Killingbergtrø, Ingjerd Lægreid, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Laila Sakshaug, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Benedikte Tranvåg Tobiassen, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Dagfinn Worren, Leiv Inge Aa og Gunhild Aamodt.
 
12.11.2010 løyver regjeringa Stoltenberg 700 000 kr til Nynorsk kultursentrum for å utvikle planar for eit nasjonalt språkår i 2013. Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader i Noreg med utgangspunkt i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret (sjå 31.3.2009).
 

All verdas språk

 
12. november 2002 vedtek Odelstinget i Noreg samrøystes å oppheve den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd av 9. juni 1971.
Der heitte det at institusjonen skal ”støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere saman”. Vedtaket inneber at nynorsk og bokmål frå no av skal normerast og formast på sjølvstendig, eige grunnlag.
Dette er ein av grunnane til at det etter 2000 blir jamt vanlegare å omtale bokmål og nynorsk som to norske språk og ikkje som målformer. Ordet målform blei etablert i det dansk-norske språkmiljøet seint på 1800-talet for å markere at den tids nynorsk ikkje skulle reknast som språk. Utover på 1900-talet tener ordet til å skjule skilnader som likevel ikkje blir borte, og som kjem tydeleg fram att etter 2002.  
Sist oppdatert: 21.03.2014