Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

13.11.1877 blir det første skule- og studentmållaget, Målvinarlaget ved Stord lærarskule, skipa med Oddmund Vik som første formannen.

13.11.1890 prentar Nordmannen «Fedralandet» (Gud signe vårt dyre fedreland) av Elias Blix (sjå 7.12.1905 og 22.6.1906).

13.11.1973 kjem første nummeret av Vest-Telemark Blad ut på Kviteseid med Tore Skaug som redaktør.

13.11.1990 blir det første uformelle møtet om det nye Ivar Aasen-tunet halde på lokalkontoret til Samlaget i Volda (sjå 3.11.1990).

All verdas språk

13. november 1844 blir ungarsk offisielt språk etter latin i kongedømet Ungarn.

Kong Stefan I styrte Ungarn frå om lag 1000 til han døydde 15. august 1038. Han stod sjølv for nokre av dei første setningane på latin i Ungarn. I eit brev til sonen Emmerich skreiv han i 1036 at framande måtte helsast velkomne med sine språk og skikkar, for «svakt og skrøpeleg er det riket som byggjer på eitt språk eller ein veremåte» (nam unius linguae, uniusque moris Regnum; imbecille et fragille est).  

Bortsett frå eit privilegium på gresk for eit nonnekloster var likevel alle kunngjeringane hans på latin. Frå då av dominerer latin lovverk, forvaltning og handelsliv i Ungarn gjennom 800 år, også under skiftande herredøme og endra grenser etter mange krigar frå 1526. Det hender at ungarsk blir brukt, som i bøne- og jordferdsboka Halotti beszéd és könyörgés frå 1192–95, og Bibelen ligg føre på ungarsk i 1430.  

Først då dronning Maria Teresia døyr i 1780, kjem det latinske hegemoniet under press, først frå tysk, så frå ungarsk. Sonen, keisar Josef II, vil innføre tysk, men motstanden blir for sterk. Etter den franske revolusjonen opnar riksdagen i 1791 og 1792 i staden for ungarsk, og gjennom nye vedtak 7. november 1805 og seinare tek ungarsk gradvis over for latin. Heilt borte blir likevel ikkje det gamle språket. Alle tidsskrifta frå det ungarske viskapsakademiet har latinske namn den dag i dag.

Frå stordomstida under Romarriket blir den allmenne posisjonen for latin gradvis utfordra. Før 400-talet har gresk spreidd seg utover Midtausten, og bruken av latin strekkjer seg endå vidare. Dette er språket hæren og forvaltninga bruker. Romarriket blir delt i 395, men latin dominerer enno i mange hundre år.

I Nord-Frankrike tek ein del forfattarar på 1000-talet til å skrive på eit skriftspråk som byggjer på det som den gongen er talemålet. Dette språket skil seg klart ut frå latin. På 1200-talet skjer det same i Italia og Spania. Etter kvart blir eigne skriftspråk utvikla i alle dei romanske områda, og desse set det gamle skriftspråket latin under press.

Antonio de Nebrija gir i 1492 ut den første grammatikken for eit moderne romansk språk, spansk – Gramática de la lengua castellana. Boka kom først ut på latin under tittelen Grammatica Antonii Nebrissensis. I 1517 gir de Nebrija også ut Reglas de ortografía. I tida som følgjer, aukar motstanden mot bruk av latin, og særleg i delar av Europa representerer reformasjonen eit vendepunkt. Først 23. november 1964 vedtek den romersk-katolske kyrkja å gå bort frå latin som offisielt lturgispråk. 

Sist oppdatert: 29.07.2019