Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.11.1917 vedtek Odelstinget med 44 mot 42 røyster i lov om landsfolkeskulen at foreldre som ønskjer eit anna opplæringsspråk for borna sine enn det som er hovudmålet ved skulen, kan få det viss det er mange nok barn til å fylle ei klasse og det ikkje inneber ”nævneværdig større utgifter for kommunen” (sjå 23.6.1915).

23.11. vedtek Lagtinget samrøystes det same.

14.–16.11.1996 blir The International Ivar Aasen Conference arrangert i Oslo. Foredraga blir gitt ut som rapport i Ivar Aasen-instituttets skriftserie 1997.

14.11.2000 gir Universal Music ut cd-en Kråkeviks songbok med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene med ni songar på nynorsk og dialekt, og fem på bokmål. På to månader har 186 000 kjøpt plata. I november 2002 har salet kome opp i 208 000, til då truleg det største salstalet for noka nynorskredigert plate (sjå 9.11.2009).
 

All verdas språk

14. november 1908 møtest albanske forfattarar og intellektuelle til ein kongress i Monastir (Bitola) i dagens Makedonia.

Dei vedtek at albansk frå no av skal skrivast berre med latinsk skrift. Dei går også inn for ei streng fonetisk rettskriving der berre to spesialteikn skal brukast – Ç/ç og Ë/ë, dei to som då var tilgjengelege på franske skrivemaskinar. Kongressen varer til 22. november. Denne rettskrivinga står ved lag, men først i 1972 tek det albanske skriftspråket opp i seg former frå dialektane gegisk og toskisk og blir ei allmenn skriftspråknorm.

Albansk er første gongen nemnt i eit dokument i 1285 og kan dokumenterast som skriftspråk frå 1400-talet. Den 8. november 1462 skriv erkebiskop Pal Engjëlli (italiensk Paolo Angeli) i Durrës ei setning i eit brev som i dag blir rekna som den første setninga på albansk som er overlevert. Setninga er ein døypeformel: «Un’te paghesont’ pr’emenit t’Atit e t’Birit e t’Spirit Senit» (Eg døyper deg i namnet åt Far, Son og Den heilage ande). Brevet er eit pastoralbrev på latin som erkebiskopen skreiv etter ein visitas i Mati-området.

Fremst blant albanologane står Norbert Jokl, fødd av jødiske foreldre i Austerrike 25. februar 1877. Han arbeider først som bibliotekar ved Universitetet i Wien, seinare som forskar i albansk same staden. Etter at Adolf Hitler tek makta i Tyskland i 1933, blir jamt fleire dører stengde for Jokl. Med Anscluss i 1938 blir han også stengd ute frå arbeidsplassen sin. Under kummarlege forhold held han fram som forskar på eiga hand. I 1939 blir ei stilling oppretta for han i Albania, men har blir nekta utreise. Den  4. mars 1942 arresterer Gestapo Jokl, og han døyr i eller på veg til utryddingsleiren i Maly Trostenets nær Minsk i Kviterussland. Dei verdfulle språksamlingane hans blir konfiskerte og overførte til nasjonalbibioteket i Austrrike. Der forsvinn det meste.

Sist oppdatert: 06.06.2017