Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.11.1917 vedtek Odelstinget mot 18 røyster i lov om folkeskulen i kjøpstadene at elevane har rett til å bruke sitt eige talemål i undervisninga, og at lærarane skal tilpasse talemålet sitt til dette. Odelstinget vedtek med 46 mot 38 røyster at ”inden skolestyret fatter sin beslutning” om opplæringsspråk i skulen, skal det haldast folkerøysting blant ”de skolesøkendes barns forældre” på eit foreldremøte (sjå 23.6.1915). 24.11. vedtek Lagtinget samrøystes det same.

 
15.11.1925 innfører kyrkjelyden ved Nesland kyrkje i Telemark som den første Nynorsk Salmebok, ein månad før slik bruk er godkjend (sjå 18.12.1925).
 
15.11.1996 godkjenner Kyrkjerådet Salmer 1997 som liturgisk forsøk til bruk i dei kyrkjelydane som gjer vedtak om det. Boka blir brukt som tillegg til Norsk Salmebok (sjå 29.6.1984).
 
15.11.2013 kårar European Newspaper Award Hallingdølen til den beste lokalavisa i Europa. 211 aviser frå 25 land er med i konkurransen. Prisen blir delt ut i Wien i mai 2014. Tidlegare i år vann avisa prisen Årets lokalavis frå Landslaget for lokalaviser, Hallingdølen var den mestvinnande avisa i Society for News Design Scandinavia, sportsportrett frå avisa blei kåra til beste programserie for nett-TV under Årets Mediedager i Bergen, og avisa var ei av fem nominerte til Årets avis i Noreg.

15.11.2016 går fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget inn for at Posten Noreg AS framleis skal følgje prinsippa i mållova av 1980. I fleirtalet er representantane frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre. På høyring i Stortinget 15.10. sa konsernsjef Tone Willie at nynorsk ikkje er noka vesentleg utgift for konsernet.
 

All verdas språk

15. november 2004 blir urfolksspråkkonferansen Congreso de LaS LenguaS arrangert i Rosario i Argentina for å fremje språkleg og kulturelt mangfald. To dagar etter opnar i same by den tredje Congreso Internacional de la Lengua Española, som skal fremje bruken av spansk. Stemnekollisjonen utløyser sterke reaksjonar frå dei som vil fremje spansk.

Forvaltningsspråket i Argentina er spansk, og dei mest brukte urfolksspråka er quechua og guaraní. Uttalen av spansk skil seg såpass frå den europeiske både i Argentina og i Uruguay at språket gjerne blir kalla Rio- de- la- Plata-spansk. Før portugisarane og spanjolane kom til Amerika på 1500-talet, budde der truleg om lag 1200 urfolk i Sør-Amerika med snær sagt kvar sine pråk frå 90 ulike språkfamiliar.

I dag er der att om lag 500 urfolksspråk. Dei aller fleste av dei blir brukte av nokre få tusen og er dermed faretrugande nær nivået for kritisk masse.   

Sist oppdatert: 29.05.2017