Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

16.11.2005 gir Det norske Bibelselskap ut Det nye testamentet i ny og gjennomarbeidd omsetjing til både nynorsk og bokmål. Den første komplette nynorskutgåva kom ut i 1890 (sjå 12.2.1890).

Lær meir om bibelomsetjing

16.11.2005 blir restane av tuntreet i Ivar Aasen-tunet tekne ned (sjå 4.10.2004, 30.4.2008).

All verdas språk

16. november 1995 feirar Island for første gong Den islandske språkdagen. På denne datoen blei diktaren Jónas Hallgrímsson fødd i 1807.

Han er i 1835 med og set i gang den islandske avisa Fjölnir i København. Her prentar han mange av dikta og essaya han skriv. Hallgrimsson skader seg fatalt i ei ulykke sommaren 1845 og blir ein av dei unge døde. Avisa går inn i 1847, men blir eit viktig tilskot til det arbeidet for islandsk sjølvstende som Sjálfstæðisbarátta Íslendinga står for. Resultatet kjem i 1874. Då innfører Danmark indre sjølvstyre for Island, som 17. juni 1944 blir ein sjølvstendig republikk.

Alltinget vedtek ei språklov for islandsk 27. mai 2011. Her heiter det i § 1 at «Íslenska er þjóðtunga Íslendinga og opinbert mál á Íslandi» (islandsk er språket til det islandske folket og offisielt språk på Island). Samstundes vedtek Alltinget å jamstille teiknspråk med islandsk. 

Den islandske avisa Morgunblaðið, eit typografisk kart med historiske overskrifter frå avisa i samband med 95- årsjubileet i 2008. Foto: Finnur Malmquist, Flickr.com CC BY 2.0

Eit typografisk kart med historiske overskrifter frå den islandske avisa Morgunblaðið i samband med 95- årsjubileet i 2008. Foto: Finnur Malmquist, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Islandsk blir frå 1100-talet forstått som eit eige språk, skilt frå norrønt. Språk endrar seg nær sagt heile tida, men islandsk har endra seg mindre enn dei fleste. Difor kan islendingar i dag utan mykje strev framleis lese tusen år gamle tekstar slik dei blei skrivne den gongen. Islendingane var få nok til å kjenne til kvarandre, det var mykje kontakt sjølv om folk budde spreidd, og dei yngre var meir saman med vaksne enn med kvarandre. Dette er nokre av dei mekanismane som har gjort islandsk til eit svært stabilt språk – til no. 

Frå 1700-talet blir islandsk språkrøkt sett i system, og språkvern har lenge vore allemannssyssel, ein folkesport. I 1990-åra fører eit samarbeid mellom Mjólkursamsalan og språkfolk til at melkekartongane får tekstar om godt språk. Det språklege engasjementet gjer at Apple alt i 1984 omset all programvare for sine nye Mac-maskinar til islandsk. Microsoft følgjer etter frå 2000.

Arbeidet dreiar seg å lage nye ord, finne fram att ord som har gått ut av bruk og gi dei ei ny tyding, lage nye samansetjingar, og tilpasse nødvendige utanlandske lånord til formverket i islandsk. Rafmagn tyder elektrisitet, med hjelp av det islandske ordet raf for elektron, og tölva, som tyder datamaskin, er sett saman av tala for tal og völva, spåkone. Påverknaden frå engelsk har kome i seinare tid, med ord som hæpi for hype og takki for tacky.

Les meir om islandsk og Island.

Sist oppdatert: 06.06.2017