Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.11.1950 kjem første heftet av Norsk Ordbok på Det Norske Samlaget, til hundreårsjubileet for førsteutgåva av Aasens ordbok. Alf Hellevik er hovudredaktør. Første bandet er komplett i 1966. (Sjå 24.11.2015).

17.11.1995 vedtek Stortinget mot 6 røyster å byggje Ivar Aasen-tunet i Ørsta med ei kostnadsramme på 40 mill kroner. Staten tek på seg dei årlege driftskostnadene ved tunet (sjå 14.3.1940). Ørsta kommune, Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vedtek i 1996 sine løyvingar til tunet.

17.11.2015 gir Det Norske Samlaget i samarbeid med Egmont Publishing ut det litterære juleheftet Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Bladet er trykt i 40 000 eksemplar og er utselt frå forlaget før jul. Namnet er henta frå eit julehefte som blei gitt ut 1881–1936 og 1941–1944. Dette var eit nordisk blad som kom ut i København, og som frå 1895 hadde eigne redaktørar for Noreg og Sverige.

All verdas språk

17. november 1950 kjem første heftet av Norsk Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet ut på Det Norske Samlaget. Utgivinga er knytt til hundreårsjubileet for Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog som kom ut i 1850.

Arbeidet tok til i 1930. Det første bandet er komplett i 1966, og verket er då rekna til å bli 9–10 band på nærmare 8000 sider. Verket blir komplett 9. mars 2016 med 333 173 oppslagsord på 9600 sider i 12 band og er med det eit av dei største vitskaplege ordbokverka i verda. Norsk Ordbog av Ivar Aasen frå 1873 inneheld om lag 45 000 oppslagsord.

Det er psykologen og ordbokskaparen Ola Raknes som på årsmøtet i Det Norske Samlaget 5. mars 1927 tek til orde for ei stor norsk ordbok. I september same året søkjer forlaget om 75 000 kroner fordelt over åtte år til «ei ordbok yver det nynorske målet med ordtydingar på nynorsk». Våren 1930 løyver Stortinget dei første 5000, litt over 160 000 i 2015-kroner. I tillegg får Samlaget i mange år midlar frå overskotet i det statlege Pengelotteriet. Også noko av dette blir brukt til Norsk Ordbok. I dei 85 åra frå 1930 til 2015 satsar Stortinget i alt 255 millionar 2015-kroner på Norsk Ordbok, om lag tre millionar i året.

Norsk Ordbok bygjer på ei mengd språksamlingar, der den eldste er frå 1600. Med tida sender mange hundre menneske inn det som i ordbokarkivet blir 3,2 millionar kartotekkort med opplysningar om ord frå talemål og skrifter. Handarbeidslæraren Bergit Rike frå Valle i Setesdal leverer 53 000 setlar, og Ragnhild Paulsen frå Nøtterøy 20 000 ord i nøttlandsdialekten. I 1990-åra sit over 40 menneske i Mo i Rana og tastar inn heile materialet på data.

Dei første åra leier Leiv Heggstad og Sigurd Kolsrud arbeidet før Alf Hellevik tek over i 1961. Der blir han til 1978. Frå 2002 blir ordbokredaksjonen omorganisert, og fram til verket er fullført, er først Kristin Bakken og så Åse Wetås prosjektdirektørar for nær 30 medarbeidarar. Frå 1930 til 2016 har til saman 52 redaksjonelle og 33 andre medarbeidarar vore tilsette i arbeidet med verket. 


Nettstaden til Norsk Ordbok finn du her

Sist oppdatert: 06.06.2017